Ei grøn årstid

I dag slo det inn eit overraskande ver. Det bles kraftig frå morgonen av, ein relativt mild vind med voldsomme kast. Så sette det til med høljregn som om nokon stod og tømde enorme bøtter med vatn ned i vindkasta.
Eg var på besøk og hadde tenkt å plukka med meg barnebarnet og ta ein lang tur med vogn. Utan regntøy var det ikkje til å tenkja på, så eg sende melding om at turen vart sett litt på vent. Etter ei stund innsåg me at det nok ikkje hadde så mykje for seg å venta på godver i ettermiddag. Det blir spennande å sjå korleis det blir i morgon, for då har me invitert familien til grilling. Det kan nok vera at me må finna ein plan B i forhold til serveringa.
Sommerregn har eg i og for seg alltid hatt sansen for så lenge det ikkje er iskaldt ute og så lenge det ikkje varer heile sommaren. I dag trur eg at eg skal la Martin Lönnebo koma til orde igjen. Han snakkar om korleis me som menneske kan kjenna oss trygge midt i alt som truar oss. Eg siterer noko eg synest er kloke ord:
«Det eneste du eier med sikkerhet er det åndedrettet du akkurat nå har i lungene dine. Ingen forsikringer i verden kan garantere at du får oppleve det neste. Livet ditt regnes fra hjerteslag til hjerteslag. For å leve i fred trenger vi ytre trygghet, men denne tryggheten finnes bare støttevirksomhet og delt. Det er vitalitet, tillit og livsglede som gir indre trygghet. Vi må øve oss på å ikke gi bekymringene våre svømmetrening i stedet for å drukne dem.»
Martin Lönnebo snakkar om det å leggja vekk bekymringar ein ikkje kan gjera noko med og prøva å kvila i den tilliten til Gud og livet der ein kan leggja vekk bekymringane. Han samanliknar det med å leggja seg ned i det grøne graset og sjå opp på den blå sommarhimmelen. Det er ein tilstand det er godt å kvila i. Samtidig må ein vakta seg for å lukka auga for nauden i verda. Ein skal kvila i gleda for å få krefter til å vera der for dei som treng det, ikkje for å lukka verda ute. Den som har sett sitt eige lys blir skikka til å våga å sjå sitt eige mørke, seier han. Og den som vågar å sjå i mørket blir betre i stand til å gjera noko med det.
Nå skal eg gjera fleire forsøk på å sitera og komprimert det han skriv, for eg ser at det let seg ikkje heilt gjera. I staden kan eg heller oppmuntra dei som synest dette er interessant til å lesa boka «Veven» av Martin Lönnebo. Boka har undertittelen «Den store treningsboken for sjelen». Martin Lönnebo, som nettopp runda 90 år er pensjonert svensk biskop og har jobba mykje med retreater, kyrkjehistorie og kristen meditasjon.

Det ser ut som om vêret roar seg der ute. Kanskje det kan bli ein lang kveldstur, sjølv om det må bli ein tur utan barnevogn. Det blir så grønt når det regnar ute. Det grøne er så overveldande. Overveldande og vakkert.
Heidi