23.mai

Eg må innrømma at eg er veldig svak for helsingar og gode ord, så eg har hatt ein stor dag. Heilt frå eg vakna låg dei første gebursdagshelsingane klare på Facebook, Instagram og msn, og nå når eg som alle andre har møtt få menneske i ein periode, var helsingane ekstra kjærkomne. Eg har bestemt meg for å prøva å svara på alle, men programmet driv og henger seg opp, så eg har ikkje kome i mål endå. Derfor vil eg takka her og. Kvart år 23.mai, går det opp for meg kor utruleg mange gilde menneske eg har møtt gjennom livet. Eg har tenkt på kvar einaste ein etterkvart som eg har lese helsingar frå slekt og familie, tidlegare lærarar frå eg gjekk på skulen, gamle kolleger, tidlegare og noverande elevar og mange andre som eg har blitt kjend med i mange ulike samanhengar.
Visst er eg barnsleg. Eg har alltid syntest at dagane i mai er dei aller finaste, det kan heilt opplagt ha samanheng med at eg faktisk er fødd då. Eg hugsar mange fødselsdagar frå barndomen. Eg hugsar dei som om eg konstant gjekk rundt i blomstrete sommarkjole, kvite knesokkar og bare kne med hg grad av forventning til resten av dagen, men det er ikkje sikkert akkurat det skjedde så mange gonger. Eg vil tru at ganske mange av desse maidagane var heller blåsande og kjølege akkurat som denne.
I føremiddag ringde telefonen og Astrid, Torun og Torbjørn song gebursdagssong til meg frå den andre kanten av landet. Så vart det ein lang og koseleg telefonprat. Halvard og Sunniva har ringd frå Oslo. Heldigvis har landet opna så pass opp at eg fekk laga eit lite selskap for den næraste familien. Eg strøyk den kvite blondeduken og plukka blomar i hagen. Heilt i tråd med våre familietradisjonen vart det fort velta eit glas med flytande innhald over duken, og det var heilt i orden. Gullungen kom med stor sløyfe i håret og rosa strutteskjørt og hadde lært å seia «Gratulerer med dagen, mommor». Ho kunne og fortelja alle at «Mommor æ femtini år», sjølvsagt til stor applaus. Ho hadde sjølv vald fine serviettar og te i fin innpakning til mommor, sjølv om ho hadde insistert på å heller gje vekk ein stor bamse.
Barna mine kom med ein bringebærbusk og ein blomstrete sommarkjole, og far kom med ei stor skål rabarbragrøt. Me rakk å grilla før regnet begynte å hølja ned, men måltidet måtte finna stad innomhus. Det er stort å kunna samla folk i stova igjen, sjølv om eg gjerne skulle ha invitert endå fleire.
Då dei andre var gått heim ringde det på døra, og Gerd kom innom med presang. Det var framleis relativt varm kaffi på kanna, og eg fekk lokka henne med ut på kveldstur i regnet. Svanene var ute og symde med fire nye ungar. Får håpa alle klarer seg gjennom vinteren.
Den 23. har for lengst blitt den 24., og det er på tide å ta kvelden. I morgon melder dei meir regn, så då blir det kanskje mest inneliv.
Heidi