Gå til innhald

9.juli

juli 9, 2020

God tur Maren Nødland,
for nå seglar du i medvind kledd i uniformen din
med blikket fritt og ope
gjennom roma for tillit og kjærleik
til staden der roser aldri dør,
rett inn gjennom perleporten
den du kanskje såg omrisset av på sjukehusveggen,
då du kjende at akkurat nå
var det salig å få vandre,
vidare til det du visste venta deg.

Ei dame med frie tankar,
eit varmt hjarte og arbeidsvillige hender,
og den beste kokka dei har sett på Ålgård meieri,
det er klart at dei har bruk for slike
på høgare stadar enn vår.

Du som ikkje var redd for nye startar,
ikkje var redd for å få jord på hendene,
og som alltid hadde kaffi klar på kjøkkenet.

Du som visste at menneske var menneske,
og ikkje delte folk inn etter lommebøker,
status eller antall stjerner på uniformane.

Du som visste at eit kvart menneske har i seg det meste,
og likte dei likevel.
Du som aldri ville framheva deg sjølv,
men som likevel fekk den plassen du trengte,
og stod med rak rygg same kva vindar som traff deg.

Nå får Gud eller frelsesarmeen
senda andre til å vakta julegryta på senteret,
du har fått andre oppgåver.
Me skal nok klara oss her på jorda utan deg,
sjølv om det ikkje blir så lett alltid.

Reis i fred, Maren Nødland,
la fanene frå æresvaktene synga deg fram
med songen om blod og eld, såpe, suppe og frelse
til rungande marsjtakt frå skarptrommer og trompetar.
God tur.

Dette diktet skreiv eg dagen etter at Maren, mor til Torhild døydde.
I dag var det på tide å ta endeleg farvel med ei rakrygga og sterk dame, som etter å ha blitt enke og aleinemor med to tenåringsdøtre, bestemte seg for å gå krigsskulen i godt vaksen alder for å via resten av livet sitt til frelsesarmeen. Nå var ho gammal og sjuk og klar for å gå vidare.

I frelsesarmeen brukar dei orda «forfremmet til herligheten» når nokon døyr, og denne gravferda hadde ein undertone av glede og fest som eg sjeldan har opplevd. Det var tida for å takka for eit liv som har vore, og ei feiring sterkt prega av håpet og trua på at nå har avdøde gått over til noko betre og ein sterk tillit til at me skal møtast igjen.

Torhild spelte den siste halvtimen før seremonien begynte, mest melodiar frå frelsesarmeen, bedehuset og kyrkja, men og me islett av «We´ll meet again» og andre kjende melodiar. Eg har høyrt denne dama spela frå ho var seks år, stort sett på gehør, og eg har alltid lurt på korfor ikkje alle menneske, for eksempel meg sjølv kan gå til eit piano og spela slik.

Etter at kyrkjeklokkene hadde ringt reiste alle seg og æresvaktene frå armeen marsjerte inn med fane, kvite hanskar og kvitt skråband. Kvitt som fargen for glede og ikkje for sorg. Der blei dei ståande tett rundt kista med fana løfta som for å fylgja ei god syster inn til den siste porten. Dei stod der som klare til avmarsj når den første songen runga: «Å hvor salig å få vandre».

Kirsti haldt ein nydeleg tale for mor si, og Torhild sat ved flygelet under heile seremonien. På nokre av songane fekk ho fylgje av ein trompet.
Presten skifta stola under preika. Ho tok på seg den kvite stolaen for glede den stunda preika varte for å vera med på å markera at her var det avskjed i glede.

Koret frå armeen i uniformar og med gitarar framførde ein feiande glad song om gleden i himmelen og som siste salme song alle «Han skal åpne perleporten» før kista vart boren ut medan trompeten gav tonar til «Amazing grace».

Så gjekk me over vegen til den gamle kyrkja og kyrkjegarden. Sola skein og lufta hadde dette skarpe draget av kald vind som me ofte har her sjølv i juli månad.

Ved grava song me «Så ta da mine hender» det vart kasta tre skuffer jord på kista og frelsesarmeen si fane vart senka tre gonger over kista så langt ned at ho la seg nesten som eit teppe over det kvite. Kistedekorasjonen var lagt til sides, men uniformshatten var festa til kista og fekk vera med ned i jorda saman med rosene frå barnebarn og oldebarn.

Sjeldan er det vel så vanskeleg å la vera å gje klemmar eller trykkja hender som i ei gravferd, samtidig som at folk gir uttrykk for at bare det å få lov til å samla til ein relativt open avskjedssermoni er noko ein set pris på nå når det ikkje er sjølvsagt.

Minnesamlinga er lagt til ein nesten litt surrealistisk plass i denne samanhangen, Crazy horse hotell i Westernbyen som tidlegare var ein del av kongeparken. Med Saloonpreg i ei lita grend av hus frå det ville vesten vart det halde minnetalar og ete smørbrød og marsipankake med kaffi til. Frelsesarmekoret song frå galleriet, og på eit tidspunkt kom det inn ein mann i fullt cowboykostyme. På ein eller annan merkeleg måte føltest det heilt rett.


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: