10.juli

Så var me på veg over fjellet igjen, denne gongen på meir velkjend rute over Brokke Suleskard. Me har hatt det meste av ver på turen med smak av både haust og sommar. Lunsjen hadde me på ein benk i Dalen i Telemark med medbrakt kaffi på termos. Me sat der i fint sommarvêr, plutseleg begynte det å blåsa kraftig opp, himmelen mørkna og så kom regnet og haglet.
På vegen har me høyrt oss gjennom store deler av Carl Frode Tiller sin roman «Innsirkling». Plottet i historia er at ein mann, David, har mista hukommelsen og treng at folk som har stått han nær hjelper til me å gje han minnene tilbake. Tre ulike personar med heilt ulik oppleving av hovudpersonen, seg sjølv og kvarandre kjem med kvar sin versjon av ungdomstida hans og kven han er. Boka gir ei interessant vinkling på det å vera menneske i sosialt samspel og det å bli til i kvarandre si oppleving av livet. Lydbok er fine greier og kan samkjørast med strikking, dersom ein ikkje er den som styrer bilen, og naturopplevingar. Skikkeleg multitasking.

Vel framme i Bærum vart me tekne godt i mot med deilig sommarmat. Nå har me sitte ute på terrassen og nytt sommarkvelden med fleire og fleire pledd rundt oss og til slutt ein markise til å skjerma oss mot regnbyga. Sommarliv.
Heidi