11.juli
Damene på tur

«Blir du med på kjøretur?» spør Eva Mari. «Ja, kor som helst,» svarer eg. Dessutan har ho så fin bil, sjølv om eg vanlegvis ikkje synest at bilar er så fine, så er denne bilen det.
Me kjører ut av Bærum og ut av byen. Dama eg er på tur med har ein plan. Me kjører heilt til Drøbak. Der hadde svigerforeldra våre sommarhus i si tid, og me lurer på om me finn det att. I Drøbak er det sommar med sommarbutikkar og marknadsplass. Der er det ein park ein kan sitja i, og viss ein vil kan ein kjøpa med seg tapas eller noko anna godt frå kafeen på den andre sida av gata for å sitja i parken og eta. Det er akkurat det me gjer, me tek med oss hunden, ein irsk setter, og set oss i parken for å eta deilig lunsj.
Etterpå kjører me til Torkildsstranda og badar. Det er kaldt å koma seg uti, men det er deilig å bada når me først har kome oss så langt. «Det er sikkert nitten grader,» seier Eva Mari, «Ikkje meir enn sytten», seier eg. Me bestemmer oss for at det kanskje er atten.
Me kjører opp tronge, tronge vegar og finn ut at det me er på ein blindveg, så må me rygga og snu. Til slutt finn me rett veg og rett hus. Me hadde gløymt at det var så bratt opp til det huset der me var på ferie for trettifire år sidan. Det var der eg gjekk meg vilt og ikkje fann tilbake, og dei andre måtte ut og leita etter meg, for det var før mobilane si tid.
Etterpå går me på gardsutsal. Me kjøper tomatar og lilla blomkål og ein boks blomar som det går an å eta. Me drikk kaffi utanfor gardsutsalet, for det vart ikkje regn sjølv om det begynte å drypa, det vart bare nokre dropar.
På veg tilbake handlar me ost slik at me kan pynta ostefatet med etande blomar. Bringebær kjøper me og. «Dette er slike sommardagar som eg liker,» seier Eva Mari. Eg seier at eg er heilt einig. Så strikkar me babytøy i sola slik bestemødrer har gjort til alle tider. Me hentar pledd og ullsokkar når me begynner å frysa, og badedraktene får tørka i vinden.
Heidi