Gå til innhald

12.juli

juli 12, 2020

Dette var sundagen for eit besøk på Kistefos museum utanfor Hønefoss. Eg Eva Mari og Leif la ut på ekspedisjon. Eg hadde sett fine bilete der i frå, men museet var mykje meir enn eg hadde venta.

Arkitektur, biletkunst, natur, installasjonar, kunstverk ein kunne gå inn i, gammalt og nytt, estetikk og opplevingar. Eg legg ut nokre av bileta eg tok og oppfordrar alle som får sjansen til å dra dit og oppleva dette sjølv.

I midten oppe ser de Eva Mari inne i ein vanninstallasjon der ein kan stå innerst inne i ein firkant med fontenevatn sprutande opp i fleire lag på alle kantar. Eg vart oppfordra til å prøva eg og. Det var verkeleg fint, som å stå inne i ein foss bak mange lag vatn. Dessverre bomma eg litt på timinga då eg skulle stiga ut av fontenane. Eg venta litt for kort eller litt for lenge og fekk vannspruten opp under kjolen. Så var det å gå våt resten av turen. Eg får trøysta meg med at eg gjorde store skarer av publikum i godt humør då det skjedde. Eg hadde orkesterplass til å observera korleis dei i vekslande grad fekk til å beherska seg frå å hyla ut i lått. Dei ansiktsuttrykka får ein ikkje med seg når ein ligg på bakken etter å ha sklidd på eit bananskal…

Eva Mari ville gjerne spandera ein kopp kaffi på oss og kom tilbake med noko som må vera ein lokal spesialitet: pølse i potetvaffel… Me hadde ein porsjon på deling. Det smakte interessant.

Neste gilde post denne dagen var å besøkja Torun og Torbjørn på Røyse. Her fekk me servert nydeleg middag, ovnsbakt laks med diverse salatar og fantastiske dessertar korav den enklaste var lokale store, søte jordbær.

Noko av det aller finaste var å få litt tid med barnebarnet i heimen. Det hjalp på mormorabstinensen.

Nå har me hatt eit vaktskifte i familien. Halvard har vore kattepassar hos Sunniva og Trygve ei stund. Nå har me overteke ansvaret for ein leiligheit og to leikne innekattar. I mellomtida er eldstesonen K kattepassar for vår heimslege katt. Dei fleste kabalar går opp til slutt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: