Gå til innhald

13.juli

juli 13, 2020

Byvandring med Halvard på Kampen i føremiddag. Me drakk kaffi og åt lunsj på eit idyllisk torg. Han fekk vist oss huset han skal bu i frå august av. Oslo kan òg vera ein by med idyllisk gammal trehusbebyggelse og småbypreg.

På ettemiddagen sykla me bort til Heidi og Per Inge på Grünerløkka. Me spaserte langs Akerselva og åt middag saman på ein koseleg bakgårdsrestaurant på Nedre Foss. Det var så gildt å få ein ettermiddag i lag med gode venner gjennom mange år som nå har bytta ut Stavangeradressen med postadresse på Øvre Foss. Me mimra om somrar i lavvo med telta fulle av unger og om sykkeltur i Danmark med sju barn og eit åttande i ein stor mammamage. «Tenk at me verkeleg gjorde det,» sa me til kvarande og smilte.

Til slutt ende vandringa vår ved nye Deichmanske bibliotek, og då måtte me inn og sjå. Det var verkeleg fint det inne med kafear, lesesalar, opplevingsrom for barn.

I femte etasje kunne me sjå ned i alle etasjane og gjennom vindauga kunne me sjå operaen og vidare ut i Bjørvika og Oslofjorden. Så godt å sjå at det blir bygd flotte offentlege rom som er for alle, der prosjektet ikkje er fundert på marknadskreftene.

Husfolket har kome tidlegare heim frå seglturen pga spådomar om regn. Nå får me nokre ekstra dagar i lag med dei.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: