14.juli

Saman med Leif og Sunniva har eg hatt ein fin dag i Fredrikstadområdet. Me starta og slutta turen på Vikene utanfor Fredrikstad der besteforeldra hans hadde landstad. To av syskenbarna hans, Morten og Jannicke har nå kvar si hytte der, og me har vore i lag med begge familiane.
Etter vaflar og kaffi tok Morten oss på byvandring det me såg husa der besteforeldra til Leif har budd, og der faren har vakse opp. Dei var velståande folk, bestefaren var øyenlege i byen, og dei budde i eit stort hus med eigen fløy for hushjelpene. Me fekk høyra mange familieanekdoter, mellom anna at Sunniva si tippoldemor var klaver-elev hos Edvard Grieg. Me var òg på kyrkjegarden og såg familiegravene.
Det er rart å tenkja på kor totalt ulik bakgrunn besteforeldra våre har.

Etter «familievandringa» tok Jannicke oss med på vandring i gamlebyen før me reiste ut igjen på Vikene for å eta middag og sjå på gamle fotoalbum. Det har vore ein koseleg og interessant dag.
Heidi