15.juli

Dagen i dag skal få stå i venninneskapet sitt teikn. Eg er eit velsigna menneske som kjenner så mange sterke, flotte damer. I dag var arenaen for feira vennskap Sandvika er nemleg ein stad i midten av Oslo og Hønefoss, og i Hønefoss bur Sissel, ei nær venninne frå barndomen. Det er ikkje veldig ofte me ser einannan. Det kan gå mange år mellom kvar gong, men det er alltid fint å vera i lag. Me gjekk inn og ut av heimane til kvarandre i viktige år av livet. Det som er felles for alle barndomsvenninner, i alle fall mine, er at me veit ting om kvarandre som ingen ein blir kjend med seinare kan vita på same måten. Me har sett kvarandre vera barn, og me har kjend korleis det var å vera barn i heimen det den andre budde.
Tre timar sat me på kafé og snakka mest utan pause. Etterpå hadde eg ein ny tretimars venninnedate med Torun som òg kom til Sandvika for å møta meg. Me gjekk ein nydeleg tur på Kalvøya. Dei hadde meld ganske dårleg ver, men dagen viste seg å glitra i strålande sol og nydeleg sommarver. Den slags vermeldingsbommar skjer dessverre sjeldan heime på Jæren. Etter turen hamna me i kaffien me og før eg måtte finna toget tilbake til byen.
Inne i Oslo hadde me ein avtale med Sunniva pg Trygve og Halvard og Therese om å gå ut og eta på restauranten Kathmandu i Bygdøy Allé. Der serverer dei tibetansk mat med spennande smakar.

Eg sluttar med eit bilete av kattane me kom for å passa på. Dei er søte og leikne og dei er overalt samtidig.

Heidi