Gå til innhald

16.juli

juli 16, 2020

Nå mista eg nettopp eit innlegg før eg rakk å publisera, så det får bli kortversjonen…

På føremiddagen var eg på bytur med Halvard og Sunniva frå Grünerløkka via sentrum og ned til Aker Brygge der me hadde lunsj. Eg skulle direkte i selskap i Asker i famileselskap med Leif. Sunniva hjalp til med ekspresshandel på Gudrun Sjødén for å finna alternativt antrekk på 10 minutt fordi eg hadde sølt matolje på kjolen. Me klarte det.

I Asker hadde Leif si kusine Ingrid dekka eit kjempekoseleg bord i hagen. Tante Inger kom frå Oslo og onkel Bjørn bur i Asker. Dei er dei siste Leif har igjen av tantar og onklar og det var veldig koseleg å få vera i selskap med dei i lag med eit knippe representantar frå generasjonane under. I tillegg hadde dei verdens søtaste svarte vesle kattunge som spratt rundt oss.

Scenografien var like grøn og frodig som henta ut av eit Carl Larsson-maleri. Ingrid hadde laga gode salatar og Anne hadde plukka bringebær. Jordbær, moreller og is kom det òg på bordet saman med grillmat, og me hadde nokre fine timar med sommar saman.

Om kvelden laga Sunniva gode vegetariske fajitas og det vart ein koseleg kveld med tv og strikking. Nytt hentesett til “lillesøster» er snart klart. Eg kjøpte eit brett antikvariske kvite knappar på ein antikvitetsbutikk i Fredrikstad på tysdag og ei heklenål på Panduro i går til å hekla blondekantar med. Om eg då bare finn ho att…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: