Gå til innhald

17.juli

juli 17, 2020

Det er blitt inn med blomsterenger. Dette har eg sansen for. Blomsterkassane på Karl Johan ser ut som små blomsterenger, og den vakre prydhagen til Elisabeth og Joffe har fått liv til å ha tema blomstereng den og. Eg har rett og slett veldig sansen. Bare synd at det er vanskelegare enn ein skulle tru å få det skikkeleg fint til…

Me har nå fått låna hus av Henrik og Eva Mari etter å ha budd fire netter hos Sunniva og Trygve. Me hadde planlagt lange sykkelturar med innlagt bading, i alle fall i morgon, men plutseleg vart det høljeregn i staden for sol. Kanskje morgondagen blir ein roleg dag inne etter all fartinga dei siste vekene? Det treng ikkje vera feil det heller.

Me har sykla til Bekkestua og kjøpt bøker og kart over Finnmark i tilfelle me skulle få bruk for det, og så unna me oss eit kafébesøk medan me var ute i verda.

Eg har lese ut boka «Full spredning» av Nina Lykke. Boka vart både veldig humoristisk og veldig trist på same tida. Temaet er ein lege som i smug har flytta inn på sitt eige legekontor i eit desperat forsøk på å få orden på livet sitt. Ho har rota seg borti eit forhold til gamlekjærasten fordi ho opplevde ekteskapet kjedeleg og tomt etter at ungane flytta ut. Ho har eit skarpt skråblikk på det hovudpersonen opplever som ein generasjon bortskjemde sytepavar som trur det er ein menneskerett å alltid ha alle behov tilfrefsstilde. Eg grip meg i å håpa at svært få har eit like kynisk og desillusjonert blikk på verda som det hovudpersonen i romanen har. Boka vart veldig lettlest, men gir innfallsvinklar til viktig refleksjon og samtidig hysterisk morsomme innfallsvinklar på korleis møtet med pasientar kan fortona seg frå den andre sida av skrivebordet.

I kveld har me ete deilig middag hos Elisabeth og Joffe, me skulle møtast ute, men regnet jaga oss inn i utestova. Heimeplukka bringebær med fløte smakte kjempegodt i dag og.

Hentesettet til lillesøster er i ferd med å bli ferdigstilt. Det blir spennande å sjå det dampa og ferdig.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: