Gå til innhald

18.juli

juli 18, 2020

Denne dagen hadde me tenkt oss på lang sykkeltur med innlagt bading, men veret og vermeldinga var ikkje heilt på lag med dei planane. Eg vurderte å ta banen inn til byen for å få ein ekstra bydag, men det ende med ein sykkeltur til Sandvika. Det var ikkje så langt som eg trudde, og det regna ikkje så mykje som dei hadde sagt det skulle gjera. Det var nesten bare nedoverbakke, så med tanke på heimturen var eg glad for at sykkelen min gir meg sjanse til å juksa litt ved hjelp av eit sykkelbatteri…

Eg hadde to små ærend, sykkelkameraten min var lite gira på butikkar, så han ville venta på biblioteket. Eg tenkte at ein effektiv måte å få ordna det på var ein tur innom Sandvika storsenter. Dette er eit storsenter i ordet sin mest opprinnelege betydning. Eg veit ikkje om eg har skrive om det før, men dersom diagnosen dys-spatiali skulle finnast, så er eg først i køen på å få stempelet. Eg har ein medfødd totalt manglande evne til å orientera meg og finna fram. Nokre av dei som kjenner meg veit at dette er høgst reelt og ikkje noko eg koketterer med…

På slike senter har dei fine infotavler som orienterer deg om vegen fram til målet. Eg trykte på minst fire av dei etter grundig spriting av hender kvar gong. Instruksjonane eg fekk klarte eg ikkje å bruka. Eg gjekk meg vill og rota meg vekk, gjekk i ring og bomma gong på gong på rulletrapper og gangar. To gonger fekk eg manuell forklaring av levande menneske, men fann ikkje målet då heller.

Skam få den som gir seg, til slutt fann eg fram, og så var det nesten same runddansen for å finna ut, men ut kom eg. Mannen min fann eg og att, og sidan me var på tur unna me oss ein kaffipause.

Toaletta på kafeen var stengde som eit ledd i smitteverntiltaka. Eg såg ikkje syn på ein storsenterekspedisjon til, så den snille dama på kafeen forklarte meg vegen til jernbanestasjonen. Då eg til slutt fann rett plass etter mykje leiting, var det sånn tikronersautomat for å koma inn. Til slutt fann eg ein femtilapp gøymd ein hemmeleg plass i veska fordi eg nesten ikkje bruker kontantar lenger, men det hjalp meg ikke så mykje. Neste trekk vart å kjøpa tyggis på Narvesen for å få vekslepengar til toalettet, men i kassen stod det skilt om at dei på grunn av korona ikkje tok i mot kontantar… Eg skal ikkje dra det lenger, det ordna seg til slutt, og me var einige om at det hadde vore ein fin tur…

Sidan dette er den første dagen i ferien utan planar om det å skulla vera sosiale med andre enn oss sjølve, eller utan noko målsetjing om å kjøra langt med bil, har me drive med inneaktivitet resten av dagen.

Denne boka kjøpte eg på salg på onsdag. Ho er til dels hysterisk morsom, og eg trur dei eldste barna våre og vil kjenna seg att i litt av kvart.

Og så er hentesettet til «lillesøster» nesten ferdig. Nå manglar bare sokkane. Knappane er frå ein antikvitetsbutikk i gamlebyen i Fredrikstad, garn og mønster frå ein strikkebutikk i Mosjøen og silkebanda frå Sandvika storsenter. Slik blir det når ein er farande fant under produksjonen.

Heidi

From → Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: