Gå til innhald

19.juli

juli 19, 2020

Regnversdagar om sommaren kan vera veldig fine. Dette har vore ein av dei. Me kjørde ut i høljeregn. Badedrakta låg i botnen av nettet bare i tilfelle eg skulle trenga ho.

Så køyrde me til Hvaler. Via telefonguiding fann me vegen til Spjærøy og rett parkeringsplass. Der var himmelslusene opne og trea irrgrøne. Eit av dei var fullt av grøne svulmande eplekart. Eg hadde teke med svart regnkåpe med hette og gjekk gjennom lanskapet som var omgjort til ein stor grøn dusj. Langs vegen blømde det solgule blomar og knallrosa kløver, som av ein eller annan grunn får ekstra sterk farge her ute.

Astrid og Anne Mette kom oss i møte. Dei hadde store smil og regn rennande nedover ansikta. Så gjekk me over regnvåte grå og rosa svaberg ned mot sjøen. «For eit ver,» seier Astrid. «Dette er ikkje så gale,» seier eg. «Det bles jo ikkje ein gong». «Kor skal me tørka joggeskoa dine?» spør Astrid. «Dei får eg bruka etter våtdraktprinsippet,» seier eg. «Me kan gløyma å få dei tørre i dag». Likevel set me dei under omnen som er tend. Leif må få låna joggebukse av Lars. I hytta luktar det nysteikte vaflar og snart luktar det nytrekt kaffi. Gjennom dei store vindauga ser me havet og dei store sølepyttane på svaberga der regnet dett tungt ned og sprett høgt opp igjen.

Det er så fint å ha venner, så fint å kunna vera sosial igjen. Det er så fint at livet kjennest nesten normalt igjen. Eg kjenner kor mykje eg har lengta etter å sitja saman i ei stove og snakka om livet, fortelja kvarandre om slikt som har hend oss sidan sist og le litt av alt som er og som har vore.

Etterpå et me reker frå ei stor skål. Ferske rosa reker nesten rett frå havet med brød og smør, med majones og aioli, med masse dill og med grøn salat full av melonbitar mozzarella og tomat.

«Me må snart heimover seier me.» «Ikkje før me har drukke kaffi, seier Astrid. Så kjem det kaffi og nøttekake med krem og eit høgt lag sommarbær på toppen.

Skoa er like våte som då eg kom, Leif får låna joggebuksa som kanskje kan leverast tilbake ein annan gong. Me seier ha det bra til Jan Atle og Lars, ha det bra til Anne Mette. Me helser med albuar og gester og gler oss til me kanskje snart får lov til å klemma kvarandre igjen. Astrid følgjer oss over svaneberga, opp stien og over brua. Ho går saman med oss heilt til parkeringsplassen.

Me går forbi kvite konvallar og lysegrøn marikåpe. Det surklar i skoa mine når eg vassar gjennom sølepyttane. Eg kjem på at eg har tørre sko bak i bilen. Sola kikkar fram og blender oss nesten gjennom store hol i skydekket. Kven veit om det ikkje blir sol i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: