Gå til innhald

20.juli

juli 20, 2020

Me kom inn dørene sånn ca nøyaktig ved midnatt, og er nå heime att etter tre vekers ferie med ei mellomlanding i heimen. Heldigvis skal sommaren vara lenge endå, og eg gler meg til neste kapittel.

For første gong i sommar har me opplevd ladekøar. Det ser ut som om mange har fått seg elbil og som om mange er på ferie nå. Det er ikkje farleg for slike som oss som hadde dagen for oss, men det kan vera stressande å venta dersom ein har noko ein må nå.

I dag kjørde me sørlandet heim i staden for vegen over fjellet. Den viktige grunnen til det er at me hadde veldig lyst til å stikka innom Jan og Hilde, gode venner me ikkje har vore i lag med på ei stund. Dette skuldast både korona og at me bur langt frå kvarandre. Då er det ekstra kjekt å få nokre timar i lag. I dag var me så heldige at me fekk helsa på eit av barnebarna deira som me aldri før hadde møtt. Eg syntest nettopp me var på det stadiet i livet at me alle hadde små barn, nå er det plutseleg barnebarn som kravlar rundt beina våre, og me fattar ikkje heilt korleis me plutseleg er på det punktet i livet.

Jan og Hilde har fått seg nytt hus med den flottaste utsikta eg har sett frå ein heilårsbolig. Biletet øverst viser korleis det ser ut frå verandaen. Dersom det var eg som budde der trur eg at eg hadde hatt problem med å gjera det eg måtte. Eg hadde sikkert brukt mange timar kvar dag bare på å sitja og sjå.

Me fekk god fiskesuppe, varme rundstykke, kanelbollar og jordbær. Og som eg har gjenteke i det uendelege, det er så utruleg godt å bruka tid med venner igjen etter denne rare våren. Nå håpar eg at me ikkje får ei ny smittebølgje på grunn av reising både innanlands og utanlands. Eg ser at antall covid-pasientar på sjukehus har auka den siste veka, men truleg ikkje meir enn dei hadde rekna med. I dag på radioen snakka dei om eit mogleg gjennombrot med vaksine. Her får me bare kryssa det me har av fingrar og tær, for denne sjukdommen vil me helst gå klar.

Dagens lydbok har vore «Saganatt» av Frode Grytten. I tillegg har det blitt mykje radio. Det har vore ein lang bildag. På bordet venta det ein konvolutt frå undervisningsforbundet som viste seg å innehalda innmaten til neste års lærarkalendar. Eg var redd dei hadde slutta å produsera papirutgåva som eg bruker som sånn omtrent den siste mohikanar. Då har eg endå eit år på meg før eg treng å gjera avtaleboka digital… Heldigvis ser omslaget ut til å tola eit skuleår til. At denne sendinga er eit teikn på haust nektar eg å la gå inn på meg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: