21.juli


Å gå frå å vera turist til å vera ein som bur der andre er turistar viste seg å vera ukomplisert. Då me kom heim var det ein nydeleg blomsterbukett frå Therese som er på besøk saman med Halvard.
Etter frokost vart barnebarnet henta av morfar i sykkeltralle og gjensynsgleden var stor. Så fekk veslegullet og eg vera med på Jærmuseet. Det er ein veldig fin pass, spesielt for barn. To og eit- halvt-åringen koste seg veldig med å sitja i ekte traktorar, sjå nyklekte kyllingar i rugemaskin og å få på veterinærfrakk og stetoskop for å behandla sjuke leikelam. Det var òg kjekt å få gå inn i eit gammaldags fjos med grisebinge og hønshus.
Sidan har dagen vore vaflar, Ingrid sine heimebakte bollar, kveldstur og middag. Veret er betre enn meld, og det er faktisk fint her og.
Heidi
Koselig å lese det du skriver, Heidi. 💜🤗💐