Gå til innhald

Innsirklingar

juli 26, 2020

Då me var på Iva Aasen-tunet der biletet over er teke, hadde dei ei utstilling med tekstar av Carl Frode Tiller. Verken meg eller Leif hadde lese noko av han. Me vart nysgjerrige og lasta ned «Innsirkling » på lydbok.

Det å høyra ei tjukk bok på lydbok tek lang tid, men me skulle jo køyra i dagevis så det kunne passa bra. Temaet for boka var ei annonse i ei avis om at David, ein mann i 30-åra hadde mista hukommelsen og oppfordra alle som hadde kjend han om å skriva eit brev til han der dei gav opplysningar som kunne gi han minna tilbake.

I den første boka fekk me møta David gjennom to nære venner frå vidaregåande skule og gjennom stefaren hans. Det var påfallande kor ulikt dei tre skildra både David, seg sjølv og kvarandre. Historiane var til dels ganske triste og opprivande, og etter ti timar og ei bok om David sin historie var sjåføren min klar til å gå over til ein annan forfattar. Då eg vart klar over at det eksisterte to bøker til «Innsirkling 2» og «Innsirkling 3», visste eg at eg ikkje ville få ro i sjela før eg hadde fått vita alt som var å vita om David sin skjebne. Så nå etter at me har kome heim har eg gått rundt med lydbøkene på mobilen og brukt all aleinetid med husarbeid, strikking, sying osv til å dukka stadig djupare inn i David sin psyke. Det var ei motorisk utfordring å støvsuga når eg samtidig måtte halda mobilen mot øyret for å overdøyva lyden, men det gjekk…

Og i dag morges kom eg i mål. Dokker kjenner sikkert følelsen av først «å bara måtta lesa ut boka», for så å sitja att med den litt tome følelsen av at «nå er dette over», nå får eg aldri vita meir. Mot slutten kom den rare tanken, tenk om me får vita at David eigentleg ikkje eksisterer. Med den tanken fulgte det ei lett sorg, sjølv om eg som leser visste at djupast sett var David ein oppdikta person som i eigentleg forstand aldri har eksistert. Heldigvis, det får eg vel lov til å røpa, eksisterer den fiktive David…

Boka gav mange tankar. Blir me eigentleg til i møte med kvarandre? Eksisterer me i andre sine tankar i ein heilt annan form og skapnad enn det som er vårt eige sjølvbilete? Er det me møter i andre menneske så farga av det me sjølve er at me aldri heilt vil vera i stand til å møta eit menneske på ein objektiv platform.

Dette er viktige tankar, og boka er skrive med eit driv som gjer at i alle fall denne lesaren, i mitt tilfelle lyttaren, har problem med å leggja ho frå seg. Samtidig som me møter David gjennom auga til åtte ulike personar, og til slutt gjennom han sjølv, får me vita mykje om alle dei som fortel om han, og boka tek oss med på reise gjennom ulike miljø i det som var Noreg på 70-talet og fram til midt i det første tiåret etter årtusenskiftet. Når alt kjem til alt er kanskje ikkje David den viktigaste personen i historiane.

Forfattaren har ein eigen evne til å snu kameraet i stadig nye vinklar og vri på spegelen slik at det same landskapet og dei same personane heile tida endrar seg. Han byggjer opp sympatiar og vrir dei til noko uventa og annleis. Historia overraskar oss gong på gong på måtar som gjer at alt plutseleg forandrar seg for den som står utanfor og kikkar inn. Eit par av desse grepa er så gjennomgripande i historien at eg ikkje kan skriva meir om det utan å røpa for mykje for dei som ikkje har lese boka. Eg kan bare fortelja at det er elegant gjort.

Visst har eg innvendingar, alle personane som skriv har ei evne til sjølvinnsikt som eg trur er langt over gjennomsnittleg, og alle personane speglar seg i andre sine reaksjonar på ein måte som eg trur ville tyngja meg om eg dreiv på å analyserte alle reaksjonar frå andre som samtlige hovudpersonar gjer det. Det kan og innvendast at alle stemmane er veldig velformulerte og liknar på kvarandre stilmessig, men det blir det og gitt ei mogleg forklaring på i løpet av boka.

Eg må og stilla spørsmålet om det er truverdig at personen David kan ha alle dei sidene han blir tillagt og om ein person kan ha opplevd alt dette, det sprengjer litt grensene for kva ein tenkjer eit menneske kan vera samtidig.
Når det er sagt veit eg jo etter eit langt liv, ikkje minst i klasseromet, at alle menneske har veldig mange sider. Eg tenkte på noko eg høyrde på eit kurs ein gong «Alle barn har minst ei side som foreldra deira ikkje veit om». Det trur eg dei fleste lærarar kan skriva under på, og det har vore ein grei setning å ha med seg i oppdragelsen og opplevelsen av eigne barn.

Eg anbefalar boka til alle som er klare for eit litterært djupdykk. Eg trur dette er bøker som vil bli ståande som god litteratur i mange tiår. Det fryder meg og å oppleva god samtidslitteratur på nynorsk. Lenge var eg bevisst på at det som vart skrive om kristendom var nokså deprimerande, eg tenkte at ein gong må nokon skriva samtidslitteratur der det dukkar opp personar som i tillegg til alle andre sider eit menneske har, relaterte seg til trusdimensjonen i livet. Jammen såg eg ikkje snurten av ein slik person mot slutten av historien, psykologen Maria røpa at ho var metodist og at ho for tida sleit med om ho skulle definera seg ut eller inn av kyrkja. I sin profesjonalitet som terapeut var ho klar på at hennar tru og tankar ikkje hadde noko i terapiromet å gjera, men det gleda meg at det vart teke med som ein relevant dimensjon.

Eg kjende at eg måtte skriva denne teksten før eg vikla meg ut av innsirklingane. Dersom nokon av dei som les dette har lese boka, vil eg svært gjerne høyra kva opplevingar og tankar dei gjer seg etter lesinga.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: