Om å kvila i kjærleiken

Eg har lyst til å skriva litt meir om noko eg har lese i dag, men dette er så ulikt det forrige innlegget at det får bli ein heilt frittståande tekst.
Som eg har skrive om fleire gonger så er eg veldig glad i den svenske pesnjonerte biskopen Martin Lönnebo og tekstane hans. Hans måte å sjå verda på, ikkje minst gjennom boka «Veven», har for meg blitt ei svært verdifull formidling av tru og av synsvinklar på livet.
I dei siste kapittela i boka me les frå kvar dag skriv han mykje om at det å tru og det å elska ikkje handlar om prestasjonar. Tvert i mot handlar det om det å ha tillit nok til å våga å kvila i livet og øyeblikka og å våga å tru at dersom ein er open for Gud og for kjærleik, så vil ein reflektera dette i livet sitt heilt utan å oppleva det som noko ein skal prestera. For å forklara dette betre enn eg sjølv kan gjera det, let eg han få ordet sjølv.
«Du skal øve på det som er det vanskeligste av alt for et aktivt menneske, nemlig å være helt passiv, mottagende, stille. Om du lykkes med dette kommer ditt «jeg» ikke lenger til å lyse som en sol midt i solsystemet.
Men vær ikke bekymret. Det er godt å komme fram til sannheten om seg selv. Frihet er å ville det Gud vil, slik at viljene blir ett. Da har du funnet din plass i universet. Da er du samstemt med helheten.»
«Gud møter oss i materien, i barnet, i uvitenheten, i fullstendig maktesøshet, i lidelse, dødelighet og i ekte rødt blod. Det er Guds Agape som blir født i Betlehem og dør på Golgata…
Her er hemmeligheten: Agape med Kristi ansikt, finnes ikke bare i det velsignede nattverdsbrødet. Det brutte brødet finnes i ditt liv. Gud ser på deg med kjærlighet gjennom det nyfødt barnets øyne og gjennom den dødes brustne blikk. Kjærligheten taler ikke bare kloke , hellige ord under høye hvelv og englers språk i kontemplasjonen. Den stammer og snøvler utydelig i sykerommet, den roper i angst innfor den onde døden. Din vakreste gave til livet, det vanlige livet, er å ta i mot.»
For meg har det blitt eit slags ideal å kunna lena seg i tillit mot livet under alle forhold og det å kunna tru på at kjærleiken er sterkare enn døden. Det er ikkje ei tru som gjer at ein reknar med at alle dagar er «berusande lykkeopplevingar» eller ei tru som gjer at ein aldri møter vanskar som virkar uoverstigelege. Det er ein slags tillit til å prøva å kvila i det gode under alle forhold. Men nå skal eg sleppa til Martin Lönnebo sjølv. Eg trur forresten eg skal prøva å få kjøpt boka «Veven» på svensk slik at eg og får lese boka på originalspråket etter å ha lese ho mange gonger i norsk omsetjing.
Heidi