Gå til innhald

Smitteskam

juli 26, 2020

Normalt er eg eit menneske som overhodet ikkje går rundt og bekymrar meg for smitte. Det er kanskje ein biverknad av eit langt liv i skulen. Gjennom å bevega seg i klasserom der hosting, nysing og snott er ein dagleg del av livet,og der oppkast heller ikkje er spesielt sjeldan, får ein opparbeida ein viss immunitet både fysisk og mentalt. Det gjer at eg aldri blunkar med å koma på besøk i heimar der nokon er sjuke dersom dei som bur der har lyst på besøk.

Dette har sjølvsagt endra seg litt det siste snaue halvåret. Som så mange andre er eg inne kvar dag og sjekkar smittefrekvensen i regionen landet og verda forøvrig og som dei fleste, så er korona noko me aller helst vil unngå å bli smitta av i det heile tatt.

Som alle som les dette veit, så har me fått nye vanar og nye måtar å tenkja på. Her i huset er alle meir eller mindre avhengige av allergimedisin, men ein normal sommar inneber ein del nysing og snue sjølv om me svel tablettane våre. Det å nysa i det offentlege rom har blitt knytta til skam og frykt på ein heilt annan måte enn før, og det gjeld å tørka nasen i smug når ingen ser på. Det er nesten så ein snik seg inn i skjulte portrom for å prøva å snyta seg heilt lydlaust.

Det er og slik for tida at eg alltid omgåst andre med ein liten bitanke om at «Nå kan me i verste fall smitta kvarandre, og tenk om eg heilt utan å villa det smittar nokon som absolutt ikkje bør bli smitta.» Når eg har vore i lag med eldre slektningar eller andre i risikogrupper, pustar eg alltid litt letta ut når det er gått ti dagar og eg kan tenkja at, nå er dei i alle fall ikkje smitta på grunn av meg.

Eg har og høyrt at andre og stadig er innom tvangstanken: Har eg ikkje bittelitt vondt i halsen nå? Burde eg eigentleg vita at eg burde halda meg heime? Til nå har det blitt med tvangstanken.

Natt til torsdag vart Leif sjuk. Skikkeleg sjuk, så sjuk som eg aldri før har sett han med oppkast og intense magesmerter. Det var så gale at han måtte ned til legen og eg måtte kjøra han. Eg såg på dei andre på venteromet. Tenk om me smitta dei… Legen fekk utelukka hjarteproblem, og meinte at det måtte vera matforgiftning, mageinfeksjon eller kanskje omgangssjuke. Og me som hadde vore på besøk kvelden før. Me som hadde overnattingsgjester heime. Tenk om alle var blitt smitta av ein eller annan form for elendigheit som me hadde drege med oss? Ingen andre har blitt sjule så langt, så nå har eg landa på at det truleg ikkje er smittsomt. Mannen er og oppstanden etter sykeleiet, så alt tydar på at dette nok går over i likaste laget.

Eit par gonger har eg måtta ringa for å informera andre foreldre om at eg har oppdaga at barna mine har vore smitta av hodelus. Sjølv om alle veit at det kan skje alle, så er det ikkje kjekke telefonar å ta. Det er heller ikkje kjekt å ringa folk for å seia at dei i verste fall kan vera smitta av omgangssjuke. Andre tankar har og plaga meg. Er det forsvarleg å passa barnebarn viss eg er berar av omgangssjuke? Bør me gå på butikken? Kan eg leva normalt i tilfelle eg er smitta. Eg har funne gode råd om dette på nettet, og klart å navigera nokonlunde klokt trur eg, men dette er tankar som normalt ville plaga meg langt mindre for mindre enn eit halvår sidan.

Katastrofetankane har og vore innom. Tenk om dette er ein avart av korona? Utan hoste, feber og så vidare. På legesenteret såg dei ingen grunn til å ta koronatest, og det var pasienten glad for. Ein «piperensar» langt ned i halsen er ikkje det ein lengtar etter når ein er intenst kvalm. Han har dagleg konstatert at han ikkje har feber, og har teke den lite vitskaplege luktetesten me fann på nettet, lukta på ein banan og sjå om han framleis luktar banan.

Eg har brukt det sjølvpålagde karantenetilveret til å montera babytøy. Symaskinen var framme for første gong på over to år, og eg trur eg har fått til å klippa opp fronten på sju babyjakkar utan å øydeleggja dei. Det er ikkje lillesøster som skal velsignast med alle sju. Det er bare babyboom i storfamilien, og det er veldig koseleg.

Kva eg vil med dette innlegget? Kanskje rett og slett bevara minnet om ei tid med ekstrem grad av smitteskam og eit skråblikk på livet under korona. Me står det viss over i denne omgangen og… Trur eg…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: