Gå til innhald

Høgsommar med mormorbarnehage

juli 30, 2020

Eg har alltid vore veldig glad i desse vekene då sommaren er på sitt mognaste og med ei ro som etterkvart har senka seg. Desse vekene i året då ein ikkje veit kva vekedag det er, ikkje veit kva klokka er eller kva ein skal gjera i dag, i morgon eller i overmorgon, er noko heilt for seg sjølv. Det er til og med slik, og nå skal eg passa meg, for på grunn av reising har eg nok hatt betre ver enn mange av dei som les dette, men eg vågar å skriva det likevel… Det er til og med slik at det ikkje betyr all verda om det regnar eller om sola skin.

Litt struktur har det nå likevel vore desse siste vekene, for me opererer med det me kallar mormorbarnehage. Lillegull har ferie frå barnehagen, pappa er på jobb og mamma er høggravid og har behov for å få kvila seg i litt større grad enn det som er mogleg når ein har ein to og eit halvt-åring rundt seg heile dagen, ei lita jente som har slutta å sova middag og som har tusen tankar i hovudet og «beina fulle av spring». Det skal og seiast at mormor veldig gjerne vil ha mormorbarnehage i huset sitt, og at morfar er flink assistent som trør til med både sykkelturar, rundstykkebaking, hagearbeid, pianomusikk og ballettdans.

Dei som er to og eit halvt år tek livet og veret som det kjem. «Ska me gå ud å plaska litt mommor?» Plasking inneber å trampa og hoppa i vasspyttane på verandaen barbeint eller med gummistøvlar på. Det går og heilt fint å plukka både blomar og bær i regnver, og på tysdag var me på trilletur med vogna som har sånn gjennomsiktig regntelt over seg. Regnet spruta som når dusjen står på for fullt og mormor hadde på seg regnkåpe og gummistøvlar.

På måndag plukka med blomar og henta salat i hagen og så inviterte me oldemor og oldefar på lunsj og kaffi. Eg grip meg i å lura på korleis i all verda me hadde tid til å gå på jobbane våre og i tillegg vera med på både det eine og det andre då me hadde fire relativt små barn i heimen. Svaret er vel sannsynlegvis at barnebarn er eit sjølvskrive sentrum på ein annan måte enn eigne barn var det, og at det er ei velsigning for alle partar at det er slik.

Kveldane har eg brukt til å bli ferdig med eit strikkeprosjekt eg har halde på med i koronaperioden. Eg har strikka haustsett til veslesyster og til dei tre grandtantegutane som akkurat er blitt fødde. Det er gildt når ein kjem nokonlunde vel i mål med arbeid ein har halde på med lenge. Nå kan eg gå laus på neste avdeling med handarbeid som er… strikking av babytøy… Buksene over har eg henta frå ei klumpelumpe-oppskrift og jakkane er meir eller mindre fri fantasi og utforsking av ein idé eg hadde. To av dei blå jakkane er til eit tvillingpar og derfor tilnærma identiske.

Det har og vore litt tid til å vera sosial den siste veka. I dag møtte eg og Thorbjørg Signe som var kollega med oss ein periode og som var på gjennomfart gjennom gamle trakter. Me fekk oss nokre timar på kafé i lag i ettermiddag. Det var kjempekoseleg.

I morgon lovar dei betre ver. Det blir fint. Nå gjeld det å nyta dei siste dagane i juli. Snart, men ikkje heilt endå er me klare for eit nytt skuleår. Det blir spennande å sjå kva det vil bringa med seg. Eg er og spend på i kor stor grad me kan starta opp på «vanleg» måte og i kor stor grad det framleis vil vera koronarestriksjonar me må forhalda oss til. Eg reknar med at restriksjonar vil me måtta forhalda oss til ei stund framover. La oss håpa at ferietida ikkje fører til ei større oppblomstring av det viruset ingen av oss har lyst til å få.

Kvar gong eg har litt tid for meg sjølv høyrer eg på Sommar i P2. Som oftast blir det å henta programmet opp etter at det er send. Det er fantastisk at me ikkje lenger går glipp av å høyra alt me ikkje får med oss i direktesending. I går lytta eg til Mareike Wang, og i dag til Morten Krogvold. Begge programma er sterkt å anbefala. Dagens ord til ettertanke frå Morten Krogvold er fylgjande: » Det er stor forskjell på penhet og skjønnhet. Det som bare er pent er kjedelig og overfladisk. Det vakre har mange lag, og rommer også spor av smerte.» Eg har skrive det i anførselsteikn som om det var eit sitat, men det er sikkert ikkje nøyaktig sitert. Det er skrive ned omtrent slik eg hugsar det som vart sagt. Eg bestemte meg for at det var tankar eg ville ta vare på.

Noko av det fine med program som «Sommer i P2» er at folk får ein heil time på seg for å koma til orde. Dei får snakka om slikt som interesserer dei og som dei har tenkt på lenge. Det gjer at det er spennande å lytta og at ein kan koma til å læra noko både om korleis det er å vera ein annan enn ein sjølv og noko om livet generelt. Eg elskar å lytta til andre menneske sine hsitoriar. I talkshow er det ofte veldig spennande intervjuobjekt som bare heilt kort får snakka om det dei er opptekne av under eit strengt programleiarregime. Me må øva på å gje kvarandre tid og plass slik at historiane våre kan få lov til å leva.

I to periodar, for ganske lenge sidan nå, var eg i redaksjonen i menighetsbladet vårt. Ein viktig grunn til å vera med var at eg fekk lov til å intervjua andre menneske om det eine og det andre. Under journalistisk agenda kunne eg spørja andre om ting eg lurte på som eg ikkje elles ville ha våga å masa om. Eg er veloppdragen nok til å vita at ein ikkje utan vidare set seg ned med eit menneske for å stilla spørsmålet : «Fortel meg om alt du synest er viktig i livet ditt». Av og til kunne eg ønskja at det gjekk an å gjera akkurat det. Lenge trudde eg at det var ei interesse alle menneske delte med meg, men eg har oppdaga at eg er over gjennomsnittet «interessert»… Eg liker ordet interessert… Det gode jærske ordet «forveden» har liksom ein litt mindre sjarmerande klangtone.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: