August

Så har det plutseleg skjedd igjen. Me har kryssa grensa. Juli har lagt seg over på ryggen og blitt til august, denne mjuke mogne månaden med kveldar som blir mørke.
August er ein av dei finaste, kanskje faktiske den aller finaste månaden eg veit. Sommaren har stilna og blitt fullmogen. Naturen står med hendene fulle. Me har vent oss til at livet er sommar og klarer å gå barføtte utan at det gjer vondt under føtene. Likevel kjem månaden alltid med eit visst vemod. Nå går sommaren mot slutten, og kvardagslivet ventar bak neste sving. Ein vakker dag, nesten kor tid som helst nå, vil du kjenna det første skarpe draget av haust i lufta når du går ut for å pusta. Tenk at juni og juli forsvann nesten utan at me la merke til det.
I år har eg bestemt meg for å ikkje stansa for lenge ved slike tankar. I staden skal eg tenkja at me nå går inn i ein ny sommarmånad, og at ein tredel av sommaren har me framleis til gode. Eg skal lena meg mot sommaren, og ikkje tenkja ordet haust dei komande fire vekene. Dette året har dessutan august med seg det finaste som tenkjast kan, ei veslesyster til barnebarnet. Om det blir i august eller om fødselen tippar over til september er framleis usikkert, så kvar veke og kvar dag ber med seg eit visst mål av spenning. Eg frydar meg over synet av den eldste dotter mi med ein stor badeballmage under sommarkjolen. Aldri har ho vel vore vakrare i mora sine auge.

I dag fann eg ut at eg måtte begynna å øva meg på å vera sjåfør i den nye knallraude bilen vår. Me har hatt han i ein månad, så nå var det på tide å kvinna seg opp til debuten. Eg er utruleg lite glad i å kjøra bil, og ikkje spesielt flink til det, så eg kjører bare når eg synest det er absolutt nødvendig. Men det å ha ein bil eg ikkje kan kjøra dei gongene det er absolutt nødvendig blir for dumt, og den dagen eg treng bilen er det fint at eg har prøvd å styra han før.
Eg fekk med meg han som har vore sjåfør fram til nå og formante han om at nå måtte han ta fram tålmodet i fall eg kom til å trengja det. Han gjekk samvitsfullt inn i rollen, og roste meg for å kjøra veldig bra gjennom den første rundkjøringa. Då minte eg han om at eg faktisk kan kjøra bil og har hatt førarkort i nokså nøyaktig førti år, det var bare bilen eg måtte venna meg til. Det siste er sjølvsagt ei sanning med modifikasjonar, bortsett frå det med førti år, som er heilt sant, men det skal me ikkje bruka meir tid på akkurat nå.
Medan eg klamra meg litt ekstra godt til rattet tok KIAen oss til Kvassheim fyr der passasjeren min foreslo at me skulle ta ein kopp kaffi på kafeen på det nye friluftssenteret. Slike stopp kan me lika. Det var fantastisk utsikt frå kafeen. Då me kjørde heimefrå var det regn i lufta, men nå hadde det kome seg så pass at eg foreslo å gå ein tur sørover langs stranda sjølv om me ikkje var turkledde. Det viste seg å vera ganske mildt ute, og me fekk oss ein fin tur. Det var varmt nok å gå i sommarkjole med ein tynn bluse over, og halve turen gjekk me barbeinte i sanden. Litt vassing i havkanten vart det og. Det var så fint og så veldig august, me klatra over fleire gjerdeklyvarar og turstien gjekk mellom beitande kyr. Eg vart gåande og nynna på den svenske teksten som Vamp gjer så fint på haugsundsk. Nesten alle år har eg sitert Einar Skjæråsen sitt fantastiske augustdikt i det me kryssar månadsgrensa, så i år gjer eg ein vri og siterer Nils Ferlin i staden:
Men Går Jag Över Ängarna
Men går jag över ängarna,
där himmelen är vid,
då sägen mej
ty händerna är tomma,
då sägen mej,
I skörderskor i
skördeandens tid:
vem ger mej
sitt hjärta som en blomma?
Vem ger mej sitt hjärta
som en glädje och en tröst,
som en doft som ville
leka mej om kinden,
att jag på mina stigar
mot förgängelse och høst
inte räds för den yttersta grinden.

Akkurat som sommaren, så er livet i beste fall framleis langt. Me har nådd til august, men kva så. Nå skal me ta vare på dagane våre. Og om eg kjørde bilen heim att frå Kvassheim? Det er ikkje alle aktivitetar det er grunn til å overdriva…
Heidi