Gå til innhald

4.august

august 4, 2020

Det har vore ein god sommar. Me har sett og opplevd mykje, og me har møtt mange av dei me er glade i og liker å vera i lag med. Ein nesten normal sommar har det vore, den første koronasommaren. Nå får tida visa korleis den første koronahausten skal bli. For eit år sidan ville eg trudd at det tredje siste ordet i sist setning handla om jordbæravlingar eller kanskje om øl, nå trur eg alle vil forstå kva eg meiner med det. Me har fått eit nytt ordforråd.

I går hadde me fleire besøk. Det var fint. Innimellom tek eg meg tid til å lesa og strikka. Det er og veldig fint. Det rare er at det å lesa midt på dagen for meg kjennest som nesten ulovleg luksus. Lesing er noko eg bruker seine kvelder eller tidlege netter på, og noko eg bruker tid på om morgonen medan eg tøyer tida før eg står opp. Det er kanskje ein av grunnane til at eg er så glad i å reisa med tog. Då kan eg med godt samvit lesa ein heil dag og nesten håpa at toget er forsinka så eg får lesa litt ekstra lenge. Det er det same med fjernsyn, seriar og filmar. Midt på lyse dagen går det liksom ikkje an å driva med den slags. Då skal det jobbast…

Det er fint at eg har oppdaga podcastar og lydbøker på mobilen. Då kan eg bli lesen for medan eg driv med andre ting. Ein ting eg har drive på med dei siste dagane som har teke latterleg lang tid, er å få etikettane av eit stort antal glaskrukker eg har samla opp. Eg snakkar om sånne glas som det har vore syltetøy, fetaost, oliven og tacosaus i. Snart skal eg plukka masse bær hos foreldra mine og kanskje me finn andre ting og me treng glas til. Det kjennest som ein god idé å gjenbruka glas, men du all verda så fast etikettane har sett seg. Det kan kanskje diskuterast om det å koka syktetøyglas i såpevatn i tre timar i håp om å få vekk etikettar og gammalt lim er berekraftig. Eg er ikkje den som gir seg så lett, så her har eg brukt diverse såper, oppvaskmaskin kniv og fettløysande vaskemiddel for å prøva å få det av. Eg tek gjerne i mot gode råd, sjølv om dei fleste glasa etterkvart er klare til bruk.

Då eg var på Ivar Åsen-tunet fann eg Sigbjørn Reime sine Garborgbøker med fyldige fotnoter og ordforklaringar til ein så rimeleg penge at eg ikkje eingong torer å skriva prisen her i Garborgland. Eg angrar på at eg ikkje kjøpte fleire som eg kunne ha brukt til presangar. «Haugtussa» og «Fred» hadde eg frå før. Eg veit at eg for ein del år sidan las «Knudaheibrev», truleg i ei eldre utgåve. Nå har eg med stor lyst gått laus på den nye boka eg kjøpte. Det er veldig interessant å lesa Garborg sine tankar frå somrane frå Knudaheio. Eg måtte dobbelsjekka Garborg sin fødselsdato då eg var halvvegs i boka, og det var som eg tenkte. Garborg var på min alder då han skreiv mykje av dette. Det er spennande å lesa om vandringane hans i eit landskap eg sjølv er nokså kjend i, og det er spennande å lesa betraktningane hans om ting i tida og om menneskelege og åndelige spørsmål. Sjølv om dette var skrive som dagbok, så er det sannsynleg at han tenkte det skulle gjest ut, og at han dermed skreiv for eit tenkt publikum. Det han skriv er med andre ord samanliknbart med det som i dag kunne vore skrive i ein blogg. Forskjellen er vel kanskje at det har vore tid til redigering mellom skrivinga og utgjevinga.

Mangt og mykje har forandra seg på Jæren. Noko av det som ser ut til å vera nokonlunde det same er sommarveret. Her kjem nokre sitat:

28.7. 1907

«…skodda tetna og tetna, og vart til stor-regn. Heile natta hev det rignt. Det fyser og strøymer i veitene mine… Det hev rignt og blåse i eitt heile føremiddagen, og no, klokka halv to driv det på verre enn nokon gong. Tett, tett, høljande jærregn ende inn mot vindauga, ei regnskodde så tett at eg gjeng her som på havsens botn.
Eg kjenner meg att, det er bare oktober i staden for juli.»

3.8.1907
«Etter 8 dagars seinhaust, havsskodd og ein nordan, eller nordvestblåster så kald at eg til dømes i gårkveld, då ef skulle til Undheim med eit par brev,- slo trøyekragen oppom øyro og stakk nevane i lomma og flaug alt eg kunne for å halda meg varm-, er det i dag det finaste solvêr, med skyer, men sommarskyer og stilt heile føremiddagen. Nå tek det til å gufsa så smått att, – frå nordvest, men vinddraget er så veikt at det gjer ikkje så mykje-.»

Slikt kan me kjenna oss att i…

I dag hadde eg eigentleg meir på hjartet, men for at innlegget ikkje skal bli alt for langt og alt for springande, så skriv eg heller eit til.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: