Det indre barndomslandskapet

Nå når eg har litt romslege dagar kosar eg meg med litt friskriving. Det vil seia eg bare skriv ned slikt som dukkar opp i tankane utan å reflektera så mykje over det. Kanskje eg kan bruka det til noko seinare. Det er nesten som å vera på fisketur i tankane. Ein veit aldri heilt kva ein ender med å få på kroken. I dag hadde eg ein snartur innom det romet i livet mitt som har dørskiltet «Barndom». Eg trur rett og slett at eg skal ta sjansen på å bruka noko av det som det er. Eg kjem kanskje til å forandra det sidan slik at det passar inn i ei diktsamling, eller noko slikt, men her er litt barndom i bearbeida variant. Kanskje nokon kjenner seg att?
*
Me samlar på glansroser og papirdokker
på kveitemjølsklister i hankelause koppar
og snurrar store knappar på tråd
til tråden og knappen virrar i eigne banar
medan me lagar vogger og kråketær
med solide trådar på fingrane
og går tur med hunden på ein gammal Coca Cola jo-jo,
viss me er fingernemme nok til å læra oss kunsten.
Me badar i Hålå heilt utan vaksne.
Det liknar ikkje mor mi at me verkeleg fekk lov.
Og skriv bilnummer i oransje notatbøker.
Tenk deg tanken ein tiger på tanken
Står det på Esso-stasjonen
og tigeren reklamerer for elegante badebukser.
Lykkeposar i raudt og blått
synest far er noko skikkeleg tull,
ein må masa på andre for å få tak på ein slik ein
til femti øre posen
Me blir blå på handleddet
av tunge klikk-klakk-kuler,
og hopperingane med plastkuler går i sirklar
rundt føtene våre.
Og nokon er ekspertar på å balla
dei har tre ballar om gongen
nokon klarer det med ei hand
medan dei tel mellom tennene kor mange dei klarar.
Her i diktet kan eg vera reine eksperten,
men strengt tatt lærde eg meg aldri kunsten.
Med brutalt ærleg minne
har eg aldri lært å hoppa tau med kryssa armar
eller spela veggball opp til ti.
Eg vart aldri spesielt flink til å hoppa spring.
Eg slo aldri hjul over strikken på strak arm.
Det vanlege spelet med springen i lårhøgde
var meir enn vanskeleg nok.
Saman med Grete Iren tygde eg kjekt på tyggis
av gammal tjørepapp eller som gjenbruk frå gata.
Me bygde hus med do og kjøkken
og samla plantar og frø eg antok ikkje var giftige
til mat rundt kassebordet.
Eg og Solfrid og Gro Ingeborg låg langflate på magen
og diskuterte korleis det kunne kjennast å vera døde.
Og bror min sprang rundt i fjossko, noko alle gutar drøymde om å få.
Ein stor flokk ungar i fritt driv før barnehagar og SFO fantest i vårt hjørne av verda med stort rom til å oppdaga og praktisere sjølvhjelp.
Heidi