Gå til innhald

Det er fire år sidan sist

november 6, 2020

Oktober er blitt til november. Det er fire år sidan sist eg sykla til jobb i øsregn akkurat som denne gongen, med støvlar og lang svart regnkåpe gjennom sprutende vatn frå gatene medan eg bekymra meg over det utrulege presidentvalet i USA. Nå kom reprisen. Eg veit at alle problem i USA langt frå vil bli løyste av eit presidentskifte, men eg krysser likevel fingrar og tær for at nå var det lenge nok….

Denne gongen fekk me koronanedstengning samtidig. Eg trur det er rett, samtidig som det har vore litt trist å innsjå etterkvart at turen til Oslo i desember ikkje kan bli gjennomført, at Sunniva ikkje kan koma heim til barnedåpen og at planar må leggjast litt om på. Det er bagatellar i den store samanhengen, men akkurat nå er det toppa av at me går og ventar på svaret på ein koronatest som me er litt engstelige for. I beste fall kan ein velja å sjå på det som ei interessant erfaring.

Livet er fint i november og. Nå hender det at mørket kjem omtrent når eg går heim frå jobb, og med det kjem dei tusen kråkene i dei store trea ute i skulegarden. Om ei stund vil dei letta i flokk og fylgje eit stykke uti den første skoletimen, men då må me først få tida for mørke morgonar med stearinlys i vindauga.

Sist laurdag fekk eg vera med og markera Alle helgens dag i soknekyrkja der eg las tekstar om sorg og håp innimellom vakker orgelmusikk som den
veldig flinke organisten vår, Per Olav Egeland, framførde. Det kjennest fint å få vera med og formidla to så viktige ting i eit menneskeliv som sorg og håp. Ingen av dei skal undervurderast.

Eg har skrive forestilling i lag med tiandeklassingane i kulturskulen. Det har blitt ei forestilling om å lengta seg vekk frå koronafokuset. I fjor hadde me ei forestilling me aldri fekk framført på grunn av nedstengningane, men i år skal me få det til på den eine eller den andre måten, for nå veit me meir om denne måten å leva på. I fjor kom det heilt overraskande på oss.

Nå skal eg få tid til å skriva andre slags tekstar og. Det gler eg meg til.

Og mest av alt gler eg meg over å få oppleva at det nye vesle barnebarnet smiler, ler og pludrar. Det å følgja eit barn dei første månadane i eit menneskeliv er for meg det største underet som tenkjast kan. Og store jenter på tre år-, dei er heilt vidunderlege dei og.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: