Ein skal oppleva mykje rart

Eg skal innrømma at dette er ein litt merkeleg situasjon. På tysdag følte Leif seg snufsete, forkjøla og litt lemster i kroppen og tenkte at han fekk vera ein lydig samfunnsborger og ta ein rutinemessig koronatest.
Sjølv om eg er erklært hypokondar, så vart eg ikkje så veldig stressa av dette, etter kvart har eg opplevd at mange, både på jobb og elles, har teke ein slik test og alle har vore negative. Pulsen vart derfor skyhøg då han torsdag kveld vart oppringt av legevakten. De meinte å sjå svake utslag av koronasmitte på testen, men det var så pass usikkert at han vart innkalt til ein retest neste dag.
Hadde me rett og slett fått smitte i huset? For å gjera ting rett flytta eg meg sjølv opp på gjesterommet då han tok testen, og dei siste travle dagane hadde me faktisk ikkje vore så mykje oppi kvarandre. Heldigvis var og er mannen veldig frisk, og sjølv var eg heilt symptomfri. Dette måtte vel vera feil?
Me har hatt ein stk karantenedag der eg stort sett har hatt munnbind når me er i det same rommet, og me har to bad, så sånn sett treng me ikkje tenkja smittehotell. Me har greie omsorgsfulle barn som handler for oss og ringer for å høyra om alt er greitt, og i dag morges vart me inviterte til felles morgonkaffi på Facetime med tre av våre fire håpefulle frå kvar sine hus. Me fekk og babysmil og samtaletid med treåringen.
I går vart det ein surrealistisk dag med strikking og amerikansk val på fjernsynet, der me høyrde omtrent det same gong på gong, men det gir oss følelsen av å vera der det skjer… Eg undrar meg over at tellekorpset i amerikanske statar går og legg seg i staden for å ha folk som tel om nettene.
Nå kan eg i all ettertid gi eit dramatisk og utbroderande svar på spørsmålet «Kor var du då Trump tapte valet?»
Me har framleis ikkje høyrt meir om svaret på retesten, men eg reknar med at me i løpet av dagen får vita om me høyrer heime i Koronaland og får ei veke til i karantene, eller om me er frie menneske som kan gå ut og handla vår eigen mat og utføra samfunnsoppgavene våre.
Den første natta sov eg ikkje eit sekund, for adrenalinnivået med tanke på å kunna vera koronasmitta og kunna ha smitta mange andre var skyhøgt. Eg sjekka mobilen kvar halvtime for å konstatera at det ikkje var avklart val eller anløp til borgarkrig i USA, og eg sjekka om det var fleire koronasmitta i Norge, Rogaland og Time kommune, og eg lurte på om det var min mann som kvalifiserte som nysmitta…
Nå har eg vend meg til situasjonen og tenkjer på at det trass alt er mest vanleg å overleva dersom ein får korona. Om Leif er smitta så er han så langt, etter ganske mange dagar, framleis veldig lett angripen. Livet er eit usikkert prosjekt, og som så mange andre ting får me ta det som det kjem og lena oss mot tru og tillit. Det er ikkje verre enn at eg ser humoren i det heile, og eg håpar at det ikkje skal bli det heller.
Nå skal eg skriva litt og så skal eg ferdigstilla matroskjolen eg har strikka til barnebarnet til jul. Det er alltid spennande å sjå om det passar og ser fint ut.
Nedstengning gjer at dagane blir både meir og mindre forutsigbare på same tida. Ein del avtalar er blitt avlyste og me tenkjer å ta på alvor det Erna, Bent, Espen og Camilla instruerer oss i å gjera.
Det har vore snakka mykje om smittevern for lærarar i det siste. På skulen til Leif er det utruleg mange ungdomar på veldig liten plass. I barneskolen er det heilt pedagogisk uforsvarleg å ha illusjoner om å halda både to og ein meters avstand. Små menneske på seks eller åtte år treng hjelp med skuleoppgåver, og i tillegg treng dei nærleik trøyst og av og til ei hand å halda i. Slik er det bare.
Når eg er på jobb tenkjer eg ikkje på dette i det heile tatt, men det hender at eg reflekterer på kveldstid over kor mange menneske eg faktisk har vore nokså nær i løpet av ein dag. Eg elskar jobben min og ser ikkje at me kunne fått det til på andre måtar, så det er vel ein situasjon me får prøva å leva roleg og tillitsfullt med. Likevel blir det ein stor kontrast til dei som opererer med masse smittevern eller har heimekontor. Me lever rett og slett nesten normalt i skulen i forhold til i resten av samfunnet.
Og «me» ikkje skulle bli friskmelde i løpet av dagen, vil eg og måtta vera i karantene i til saman ti dagar. Eg treng ikkje testa meg viss eg held meg symptomfri, men eg trur kanskje eg bør gjera det for å vera sikker på at eg ikkje kan ha vore smittefarleg i veka som gjekk.
Ha ei fin helg alle saman.
Heidi