Gå til innhald

Luke 19- 2020

desember 19, 2020

Desse munkene såg eg før jul på Bærums verk. Dei er så fine, så dei skal få stå her og synga i dag. Eg har sett på konsert med kringkastingsorkesteret, veldig fint. Eg skulle gjerne hatt med meg konserten i Storstova i går med Magnus Rommetveit Staveland og syngjande venner. Eg har vore der før, og det har vore så fint, men i år vart det ikkje slik.

Eg har fått heim dei to som bur i Oslo. Eg er så glad for å ha dei her. Det blir ei spesiell jul, men eg trur det kan bli bra likevel. Me får ikkje vera i lag med alle dei me pleier å vera i lag med, men til neste år håpar eg at det kanskje er blitt normalt igjen. Då eg leitte etter munkene kom eg over bilete av tekstar sjuandeklassingane mine skreiv i vår då me hadde heimeskule. Eg trur eg tek sjansen på å dela eit par av dei, for dei smilte så fint til meg då eg såg dei liggja der på hard-disken. Dette er like aktuelt framleis som det var ved påsketider.

Eg håpar fleire enn meg blei i godt humør av dei oppmuntrende orda.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: