Gå til innhald

Luke 20-2020

desember 20, 2020

Datoen ser jo fin ut i overskrifta i dag. I tillegg til det har me 4.sundagen i advent, og det er den mørkeste dagen. Me har sånn omtrent rukke å brenna adventlysa ned. Eg får ta med siste verset i adventssangen eg laga for i år.

Sjå fire lys skal brenna
for alt me har i lag,
for lyset som skal koma,
for natt som skal bli dag,
velsigne oss som leitar,
som lengtar og som trur,
velsigne oss og håpet.
og det landet der me bur.

***

Det er koseleg å ha nesten fullt hus heime. I kveld har Sunniva slått oss andre i Bezzerwizzer. Kakeboksane er i ferd med å bli tome og jula nærmar seg. I dag har eg hatt tid til å kikka i Juleheftet «Rein poesi» som eg kjøpte i fjor, men aldri heilt fekk tid til å fordjupa meg i. Nå kan eg jo dela litt med dykk som les her…

Kva eg ønskjer meg under juletreet…
aller mest ønskjer eg meg sjølve treet
og skogen og lufta og
havet og elvene
i tusenvis av år framover.
Øystein Hauge

*

Når nettene ikkje blir lange nok

Av og til held natta
ein svevnmørk arm kring oss
og mumlar mjukt forførande
at det kan då ikkje haste sånn.
Helge Torvund

*
God natt i den mørkaste natta i året.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: