Gå til innhald

Luke 21 -2020

desember 21, 2020

Dei to siste nettene har eg ikkje sove så godt. På fredag, som jo er den dagen eg ikkje jobbar på skulen, vakna eg med vondt i halsen. Planen var at me skulle ta med treåringen til foreldra mine for at ho skulle få saga ned eit juletre i lag med oldefar. Eg forstod jo at i tider som desse dreg ein ikkje til nokon i oldeforeldregenerasjonen når ein har litt vondt i halsen. Om kvelden begynte eg å hosta, og eg forstod at eg nok måtte ta ansvar og testa meg for koronavirus før julefeiringa begynte.

Eg fekk heldigvis timeavtale i teltet på Klepp same ettermiddagen, og då dei to yngste kom heim frå Oslo møtte dei ei mor i ventekarantene som sat med munnbind og venta på prøvesvar. Sjølvsagt vil eg ikkje ha korona, men i tillegg til dette var det andre ting som plaga meg nesten like mykje. Dersom eg testa positivt var sjansen der for at seksti elevar og kanskje eit titals kolleger havna i karantene på julafta. I tillegg ville all julefeiring i familien leggjast heilt om, og dei som var heime på ferie ville måtta bruka ferien i karantene.

Eg trudde jo eigentleg ikkje at eg var smitta, for eg hadde etterkvart ingen andre symptom enn hosten, og eg kunne ikkje forstå kor eg skulle kunna ha blitt smitta. Samtidig såg eg at smittetilfella på Jæren plutseleg poppa opp over alt. Det kunne like godt ha vore meg som andre som var uforvarende involvert i smittekjeder ingen hadde kunna sjå koma.

Me hadde jo snakka om korleis me kunne prøva å sikra at dei tilreisande frå Oslo ikkje skulle smitta nokon, men nå vart situasjonen snudd på hovudet. Korleis kunne me sikra at eg eventuelt ikkje smitta dei. Dette skriv eg ikkje for å få medynk, men for å gje eit ansikt til situasjonen vår som lærarar. Heile tida går me rundt, i alle fall eg som mellom ganske mykje anna og er litt helsenevrotikar, og lurer på om me kan ha smitta nokon med korona, Eg tenkjer ikkje på det når eg er i lag med elevane, då er eg bare i lag med dei og legg all energi ned i akkurat det, samtidig som eg prøver å vera ansvarleg og forsiktig. Om kveldane kjem ofte slike tankar og nesten kvar morgon kjenner eg etter på ein måte som er heilt uvanleg for meg: Eg eg frisk nok til at eg kan gå på jobben og vera sikker på å ikkje smitta nokon? Og det må eg innrømma at eg har konkludert med at eg er kvar einaste arbeidsdag sidan skulane opna att.

Når eg så innsåg at eg burde testa meg tenkte eg på at det hadde klødd litt i halsen tidlegare i veka. Sidan eg ikkje hadde andre symptom, verken hoste, feber, vondt i kroppen eller noko anna, konkluderte eg med at det sikkert ikkje var noko å bry seg om. Hadde eg vore smitta ville eg ha angra bittert på at eg ikkje hadde ringd og sjukemeld meg… Hadde eg vore heime hadde eg følt meg som ein hypokondar som hadde latt vera å gå på jobb den travlaste veka i året for det svakaste av alle tenkjelege svake symptom… Slike dilemma er eg heilt utrent på å handtera, men det er vel det me må læra oss å gjera. Barnelærdomen som sikkert mange har i ryggmargen går ut på at står ein på litt vil det meste gå over av seg sjølv.

I dag fekk eg endeleg det prøvesvaret eg hadde håpa på, at det ikkje var teikn på smitte. Eg pusta letta ut, ikkje minst med tanke på at det snart er jul. Eg veit at slike beskjeder som eg slapp å koma med har fleire skule-elevar i Jærregionen fått dei siste dagane. Det kan jo framleis henda at eg blir oppringt av smittesporarar som fortel at nå må eg gå i karantene fordi eg er nærkontakt med nokon som er smitta. Det ville følast heilt annleis enn om det kom frå meg. Det eg prøver å seia med dette er at det å bli smitta kan skje med kven som helst av oss sjølv om me navigerer så godt me kan og prøver å vera både ansvarlege og forsiktige. Me må ikkje påføra kvarandre smitteskam, og me må prøva å sjå stort på at ein dag kan det vera akkurat du eller eg som står der og føler seg som ein supersmittar. Mange av oss har begrensa moglegheiter til å skjerma seg heilt mot smitte, og slik må det bare vera.

Så kunne eg for min del faktisk ta av munnbindet for denne gongen og frimodig gå inn frå arbeidsrommet mitt. Eg kunne eta i lag med resten av familien, og skulle me få lyst til å spela Bezzerwizzer ein annan kveld kan eg sleppa å sitja to meter frå dei andre og la dei flytta brikker og lesa spørsmål på mine vegne. Eg er takknemlig. Det gjekk godt denne gongen og.

Treåringen har kunna hjelpa oldefar å finna juletre. Ho har ete potetkaker med smør og sukker og leika i stova til oldemor, og eg har hatt koseleg førjulsbesøk av Torhild som ein kan sjå på dagens bilete. Om nokon skulle bli nervøse på våre vegne, kan eg fortelja at me haldt god og forsvarleg avstand til kvarandre.

Det er i sanning rare tider, og me gjer oss alle merkelege erfaringar som i beste fall kan gjera oss klokare. Nå skal eg sova godt i natt og satsa på å vera ein forsvarleg samfunnsborger frå nå av. Eg trur at dei som må feira jul i karantene og kan få ei fin julefeiring sjølv om ho litt annleis frå den vanlege. Dette er garantert ei jul mange av oss vil hugsa for resten av jula. Som eg høyrde nokon synga: «Viss ingen får korona, men passer seg for den, skal alle sammen snart få feire jul igjen…»

La oss ta godt vare på kvarandre same korleis situasjonen vår er. Dette står me i saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: