Luke 22- 2020

Eg er framleis takknemleg for negativ koronatest i går. Så heldige har ikkje alle vore. Akkurat i dag var det ikkje vår tur til å vera i julekarantene, men her er det ikkje anna enn tilfeldighetar som rår. Mannen eg er gift med har med jamne mellomrom oppdatert meg: «Ny smittemelding frå skulen». Så langt har ikkje smittemeldingane frå hans skule heller berørt oss, men i løpet av hausten har me vore to gonger kvar i teltet for å testa oss. Den eine gongen måtte det ein retest til for å avgjera statusen sikkert, så følelsane rundt det har me fått kjend på. Skulane der tre av barna våre jobbar har og vore berørte. Heldigvis har ingen av smitteutbrota fått alvorlege fylgjer. Eg må bare seia at eg forstår dei lærarane som prøvde å få kommunen sin til å tillata heimeundervisning den siste veka før jul, og som nå opplever karantene for klassene sine er slitne og skuffa.
Hos oss vart det ein karantenefri dag, og me reiste på jentetur til Stavanger. Me har ein tradisjon å ta vare på, og regnet bryt ikkje heilt med tradisjonen det heller. Me var forsiktige med å gå inn der det var mykje folk, og det vart lite handel på oss. Det var heller ikkje meininga å storhandla. Me koste oss med å vera saman og åt italiensk lunsj med yngstejenta på fanget.
I kveld har eg hatt veldig koseleg førjulsbesøk av Anne Mette, og eg og Sunniva har gjort ein innsats for å fylla opp litt i allereie nesten heilt tomme kakeboksar. Det blir mindre sosial julefeiring enn vanleg og det er litt trist. Samtidig betyr det at me har betre tid enn vanleg til å bare vera i lag i kjernefamilien. Det skal me prøva å gjera til eit gode.
I dag helsar eg spesielt til kjende og ukjende som går inn i karantenejulefeiring. Det kunne ha vore kven som helst av oss som var i den situasjonen. Fred over julefeiringa. Eg håpar ho blir god og at roa og begrensningene har noko godt å by på sjølv om det er ein uønska situasjon. Eg håpar og at ingen blir sjuke og at alt snart er normalt igjen.
I kveld mens eg har jobba med julebakst og rydding har eg høyrt ein veldig interessant på radioen om prosjektet 6-åringar i skulen, korleis det har blitt og om det er slik me vil ha det. Eg kjenner at dette meiner eg mykje om, og at eg er veldig klar for ein grundig debatt om det. Me driv ein skule som skal møta alle barn slik dei er og gje dei alle utvikling og meistring. Eg vil påstå at dei meste eg kjenner som jobbar i første klasse gjer det med varme, kjærleik og ein helteaktig innsatsvilje. Eg trur og at mange som ikkje er så ofte i førsteklasser ville blitt sjokkerte over kva det blir forventa at ein skal få til der inne. Eg trur at det som trengst meir enn noko er fleire vaksne med varme hjarte som får lov til å vera meir fleksible i dei utfordringane dei står i. Meir skal eg ikkje meina om det på denne sida av jul.
God litlajulaftå i morgon til alle som les dette.

Fred og solskin
frå
Heidi