Luke 23- 2020

Juletreet er pynta. Eit skikkeleg viltveksande naturtre som hadde frødd seg sjølv i hagen til far. Det er god plass mellom greinene og eg synest det er skikkeleg fint på sin litt eigenarta måte…
Klokka har passert midnatt med over ein time, og om ikkje så veldig lenge kan eg tillatt meg å gå og leggja meg, trur eg. Heilt i mål kom eg ikkje, ikkje i år heller, men det er heilt greitt. Kvart år prøver eg på å få til det litt perfekt husmoraktige, men eg lukkast aldri. Eg blir alltid ståande til langt på natt på lille julafta og innsjå at ein heil del av det eg hadde planlagd å rekka rekk eg ikkje. Eg er blitt flinkare til å godta at slik er det bare. Det viktigaste er at det er hyggeleg, og at ingen spring rundt med høge aksler og stressar med at sølvet ikkje er pussa og at vindauga ikkje er vaska. Dessutan er det jo bare våre næraste som kjem. Det einaste svigerbarnet som skal vera hos oss er han som har budd her i periodar og gått ut og inn sidan han var 16 år, så han har sett det meste før av korleis ting pleier å vera her.

I år meir enn nokon gong veit me at det ikkje er sjølvsagt at me faktisk kan samlast og vera i lag. Det skal me vita å setja pris på og. Nå skal eg pakka inn dei siste julegavane og leggja under treet. Eg håpar at alle som les her får ein fin julaften. Og skulle det vera ein vanskeleg dag, så pust djupt og vit at det kjem fleire dagar og fleire kvelder etter denne. Ei spesiell helsing til alle dei som er på tå hev denne jula med tanke på smittesituasjonen og som kanskje må jobba ekstra i ein sårt tiltrengd juleferie. Dette skal me koma oss gjennom i lag. Eg veit at nokon dreg ein tyngre del av lasset enn andre. Varme tankar til dei.

Fred.
Heidi