Gå til innhald

Påskeblogg kapittel 1

mars 27, 2021

Påskeferien fekk ein endå rarare start enn det eg såg for meg for ei veke sidan. Det starta med ein sundag som nesten hadde smak av det heilt normale livet der me både var i kyrkja og eg var med på ei veldig kjekk kulturprisutdeling i Storstova. Rett nok var det litt surrealistisk med nattverd der presten hadde prestekjole og munnbind og det at det var strengt regulerte sitjeplassar på kulturhuset, men den slags endringar har nesten blitt ein merkeleg vane…

På tysdag kom det nye restriksjonar som gjorde det endå meir klart at det måtte vera slik at me ikkje kunne ta i mot besøk frå Oslo/Viken i ferien. Det skal me og stå i sjølv om det er trist. Dei nye restriksjonane innebar at kulturskulen si store tiandeklasseforestilling for andre året på rad måtte avlysast rett før premieren. Det er verkeleg trist at forestillinga der elevane har starta heilt frå scratch med idear, manus, band, solistar, dans, drama og kunstfag ikkje kunne visast etter at elevane har jobba med dette heilt frå i haust. Denne gongen hadde me kome så langt som til å ha begynt opprigginga og øvd litt i Storstova der elevane skulle begynne dagen etter med å jobba i tre dagar med finpuss, lys, lyd og to dagar med skuleforestillingar og kveldsforestillingar. Me håpar at det kan bli ei ny opning for forestillingar i mai. I fjor måtte me leggja det heilt vekk og fekk aldri gjennomført det. Ingen av oss trudde i august at det kom til å bli avlyst i siste liten i år igjen. På den tida trudde me optimistisk nok at nå var pandemien snart over…

På onsdag hadde eg plutseleg ein mann med gul farge. Etter å ha hangla i fire dagar med vondt i magen og litt andre vondter skifta han hudfarge i løpet av ei natt, og det gjekk kaldt nedover ryggen min. Ved hjelp av eldstejenta fekk eg overtalt han til å ringa legevakta onsdag ettermiddag, og det ende med at han blei spontaninnlagd på sjukehuset. Han har slite med gallesteinsproblem det siste halve året, og hadde allereie bestemt seg for å fjerna galleblæra. Eg håpa problemet hadde utgangspunkt i dette, for eg veit at det å få den fargen der kan vera symptom på ting som ikkje er kjekke i det heile tatt. Heldigvis viste det seg å vera rett. Ein gallestein ligg og stenger ein plass og må fjernast. Etter at diagnosen var stilt håpa dei på eit smutthol i programmet slik at dei kunne få gjort noko med det, men det viste seg at han må venta til måndag. Nå er han heime på helgeperm med armbånd rundt handleddet og venflon i handa. Han er ikkje kjempesprek, men er veldig imponert over helsevesenet vårt og kjenner seg veldig godt ivaretatt. Me er takknemlige for at dette er noko som let seg behandla og håpar at han snart er heilt frisk igjen. Av og til får me ein støkk og ei påminning om at livet ikkje er sjølvsagt. Det var godt å få han heim att i alle fall.

Før me kom så langt hadde eg koselig besøk av ein liten venn som nå er i ein alder der ho plutseleg tek seg fram overalt og er vel betrodd til å stappa det meste i munnen, så nå gjeld det å passa på. Sidan ho ikkje hadde lyst til å ta føremiddagskvilen sin i mormor si sprinkelseng, fekk me oss ein biltur langs kysten i øsande regn. Bilen er nemleg ein god plass å sovna litt i. Viss det hadde vore tilrådeleg å stansa bilen, ville eg ha kunna lagt ut bilete her som dokumentasjon på kor utruleg vakker jærkysten er i regn og grå skodde med litt friske dønninger ute på havet. Eg held på at dette hjørnet av verda må vera noko av det vakraste me har her i landet, men eg er ikkje nøytral…

Og korleis ferien vil arta seg får den komande halvanna veka visa. Mange av påsketradisjonane våre kan ikkje bli som dei pleier. Det blir ingen store familiemiddagar, ingen kveldar med brettspel og mange rundt bordet, og kyrkjene, som er ein viktig del av mi vanlege påskeferie, er stengde. Heldigvis finst kyrkja i andre kanalar enn inne i bygningane, og turar kan me framleis leggja ut på. Dei aller næraste kan me våga å treffa innandørs, nokre få om gongen, og i beste fall blir pasienten i huset og mykje friskare utover veka. Eg har tenkt å bruka den ekstra tida på å strikka og skriva og ser lyst på det. For å vera ærleg skal eg og nyta å kunna isolera meg frå smitte i mykje større grad enn det eg har sjanse til i kvardagen. Eg kjenner at skuldrene blir litt høge av å vita at nå kan elevane bli smitta og sjuke i mykje større grad enn før, me lærarar kan og bli smitta, og det er større sjanse for å bli alvorleg sjuk nå med det muterte viruset. Dei fleste overlever jo heldigvis ein runde med covid, men eg må ærleg innrømma at eg godt kan tenkja meg å få lov til å sleppa. Den siste veka på skulen var kjempefin, eg har framleis den beste jobben i verda, men av og til får eg den litt ubehagelege følelsen av at me er frontsoldatar på uriaspostar.

Dagens tanke etter å ha lese i «morgonboka» vår er begrepet tomhet. I ei bok i bibelen med ekstra mykje melankoli i står det uttrykt at «Alt er tomhet og jag etter vind». Den spennande tanken forfattaren kunne by på i dag var at det var ein fin ting med tomhet, det var veldig god plass der, og god plass kan bli til mykje spennande. Viss alt skulle kjennast tomt akkurat nå, må du ikkje gå ut i frå at tomhet er noko som er utan verdi. Det kan tenkjast at dette høyrdest krampepositivt ut som ein gammal venn av meg kanskje ville ha sagt, men for meg gav det meining.
Eg har og lyst til å nemna kongen sin tale i dag. Det var fine ord om håp og samhold og det å halda ut.

Noko av det eg har lyst til denne påsken er å leggja ut tekstar her. Eg veit at mange har god tid til å lesa, og då er det ekstra spennande å skriva.

God palmehelg
ynskjer

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: