Påskeblogg kapittel 2

I dag var det nydeleg vårver ute. Pasienten i heimen fekk eit nostalgisk mat-tilbakefall til sytti-talet eller noko slikt og hadde plutseleg veldig lyst på grillkylling med kokt ris og loff med smør. Eg la derfor ut på ein liten ekspedisjon i håp om å finna noko han kunne ha lyst på, for appetitten har ikkje vore så stor dei siste dagane. På mine to handleturar i løpet av dagen har eg truffe diverse folk eg har lyst til å slå av ein prat med. Då gjeld det å stilla seg opp slik at du kanskje trur at det er ca to meter mellom deg og den du snakkar med og samtidig prøva å manøvrera slik at forbipasserande med handlevogn til ei kvar tid får to meter mellom seg og kvar av oss. Det gjeld og å vera ekstra obs på dei med munnbind i alle slags utformingar. Kanskje ein av dei rett og slett viser seg å vera den eldste sonen din? Eg tek meg stadig i å gå rundt å tenkja «Dette er jo heilt surrealistisk». Eg synest rett og slett me er ganske tilpasningsdyktige. Viss me hadde sett oss sjølve for halvanna år sidan gå rundt med munnbind og sørga for å aldri koma nær nokon, så hadde me vel blitt heilt fælne.
Både pasienten og eg er glade for at gallesteinen hans skal fjernast på måndag, for han har ikkje vore kjempesprek. Eg er likevel overbevist om at den beste medisinen er ei lita jente på snart tre og eit halvt år som kjem på besøk med kaninøyrer, sjølvteikna kort med sjølvkomponert tekst, blå krokus og eit påskeegg fullt av godteri for å muntra opp morfar som er sjuk. Etterpå hjalp ho til og med litt til med å få avsetning av innhaldet i egget. Snart var pasienten frisk nok til å spela tante Sofies vise og Bamsens fødselsdag på pianoet slik at me kunne få drege i gang litt allsong.

Lillesøster er blitt ein kløpper til å koma seg rundt på golvet, og i dag hadde ho sitt første vellukka forsøk på å reisa seg opp inntil ein sofa. Det kan koma til å bli travelt framover.
Sjølv prøver eg å sortera litt kva eg skal takka ja til og nei til av ting eg har lyst til å gjera. Lysten til å hiva seg ut i ting har av og til vore på grensa eller litt over det som er fornuftig å ta på seg i frå før av ganske fullmøblert dagar. Det er eit luksusproblem. Det er eg heilt klar over. Det må vera langt verre å kjeda seg og ikkje vita kva ein skal bruka tida til. Eg har lova meg sjølv å prioritera masse tid til barnebarna og nok tid til ikkje å slita meg sjølv ut. Når eg lurer på om eg begynner å bli for vaksen til eit veldig høgt tempo, så er det litt fint å tenkja på at den nyleg valde presidenten i USA bare er to år yngre enn far min. Det er ein god tanke å klamra seg til… Den som er klok har det aldri travelt, seier eit uttrykk. Det er eg i grunnen veldig einig i…
Ei påskeveke med i utgangspunktet så romslig tid som dette trur eg ikkje eg har opplevd sidan eg vart vaksen. I fjor var det og koronaepidemi, men då hadde me ein feriegjest i heimen. Det er i utgangspunktet trist at alt har måtta setjast til sides, men me får snu spegelen litt og spørja kva me nå har tid til som me elles ikkje hadde kunna fordjupa oss i.
Takk for alle fine kommentarar til blogginnlegget i går. Eg får verkeleg ein følelse av at folk bryr seg etter å ha lese alle god- betring-helsingane til Leif og alle god- påske- helsingane til meg. Det er ikkje sant at folk bare bryr seg om seg sjølve. Mi erfaring er at menneske stør seg mot menneske og at vennskap og godleik finst i rikeleg monn. Som eit litt ufrivillig eksperiment i folk sin evne til å vera ærlege, så har eg sikkert minst rogalandsrekord i å mista og gløyma lommebøker, vesker og mobiltelefonar. Eg kan fortelja eventuelle misantropar mellom lesarane mine at eg heilt utan unntak har fått igjen det eg har mista kvar einaste gong. Folk har verkeleg anstrengt seg for å få levert tilbake det dei har funne. Eg kan altså med forskningsbasert evidens slå fast at folk er langt betre enn sitt rykte.
Og til alle dei fine folka der ute:
Ha ei framleis god helg
Heidi