Gå til innhald

Påskeblogg kapittel 3

mars 28, 2021

I går kveld hadde eg, via ein rask sjekk på kva fjernsynet hadde å by, på bestemt meg for å sjå Jesus Christ Superstar i «Live in concert-versjonen» som dei sende på NRK 2.

Då rocke-operaen Jesus Christ Superstar kom i filmversjon på 70-talet hadde eg ikkje samvit til å gå og sjå han fordi eg hadde høyrd at det var ein blasfemisk film. Sjølvsagt har eg sett han seinare, siste gongen i teaterversjon i Oslo i lag med Eva Mari, der Hank Von Helvete spelte Jesus. Eg opplevde det rørande. Eg var spent på versjonen i går, og vart rørt av det eg såg då og. Sidan eg har drive med amatørteater, mest i skule og kulturskule med barn, så er eg veldig oppteken av sceneløysingar, kostyme og måten ting blir framstilt på. Eg blir nesten alltid kjempeimponert over korleis store teater løyser dette. Eg syntest spesielt at scenene med store folkemengder var sterke å sjå på, korleis folk med kroppsspråket sitt vart til ein samansett gjeng med menneske som desperat trong noko å tru på med heile seg.

Eg begynte og å tenkja på kva det er som har gjort at ting i ulike tider blir oppfatta som blasfemisk. Eg veit jo at akkurat når det gjeld denne forestillinga så er det mellom anna fordi det sluttar med Jesus på korset; og ikkje den oppstandne som vant over døden. Filmen stiller og spørsmålet «Jesus Christ Superstar, are you the man who they say you are?» Spørsmålet blir ikkje besvart, men er vel ganske relevant nå i påsken…

Eg trur nok og at musikken og formspråket vart oppfatta anstøyteleg på 70- talet. Og så lurer eg på om me, den etablerte kyrkja, om eg nå skal trekkja meg sjølv inn i det, har lukka dører og bygd murer når folk ærleg stiller dei store spørsmåla på sin eigen oppriktige måte. Eg høyrer ofte folk snakka om kor trongt og lukka det er i kyrkjesamfunn og på bedehus, eg har pleidd å protestere og spurt om dei har tatt sjansen på å utfordra eigne fordommar, men av og til tenkjer eg at dei kanskje har litt rett, sjølv om me ikkje liker at dei gjer det. Dette blir vel spesielt tydeleg når me ser nokre tiår bakover i tid. Eg må kanskje bare innrømma at kyrkja ikkje alltid har vore like flink til ikkje å framstå som fordømmande og begrensande. Sjølv om eg altså vågar å påstå at nesten alle eg kjenner som flaggar trua si er særdeles lite fordømmande menneske.

Då eg vart vald inn i soknerådet for halvanna år sidan, tenkte eg at det eg verkeleg brant for var å skapa ei open kyrkje for alle der alle kan kjenna seg heime. Eg vil gjerne at kyrkja skal vera noko me har saman, ein arena der alle kan koma med heile livet sitt for å leita etter det heilage, for å leita etter fred for kropp og tanke eller bare rett og slett for å finna ein god plass å vera. Det er framleis ein av hovudvisjonane mine fordi eg veit at så mange ikkje vågar å leita i kyrkja fordi dei har så mange forestillingar om at dei ikkje passar inn der. Eg vil og gjerne at kyrkja skal romma heile livet og at ho skal vera eit rom der ein kan vera eit ærleg og leitande menneske og ikkje prestera eller bevisa så mykje for å kunna føla seg heime der.

Dette var tankar som eg tenkte godt kunne duga som påsketankar. Me nordmenn, og etter kvart til og med me jærbuar, har ei blyg tilnærming til dette å tru. Eg synest det er symptomatisk at då boka og filmen «Eat, pray, love» skulle få ein norsk tittel, så vart det «Spis, elsk lev». Eg tolkar det dit hen at ordet «pray» vart sett på som litt for klamt og personleg til å vera med i tittelen. Hovudpersonen i boka seier heilt på slutten av boka, etter ei lang reise på jakt etter meininga med livet, at det ikkje slo henne før etterpå at mykje av det ho leita etter og fann kunne ho kanskje og ha funne i den vesle kyrkja i nabolaget… Nå siterer eg etter minnet, og skulle det vera feil skal eg vera rask til å leggja meg flat. Dette stemmer forøvrig med eigne observasjoner om at mange synest at det ville vera klamt med eit Jesus-bilete på veggen heime medan Buddha gjerne kan få framtredende posisjonar i alle rom i huset.

Eg har jo oppdaga gjennom livet at me er ulikt samanskrudde. Kanskje eg er genetisk disponert for å leita etter noko å tru på? Eg har alltid vore nesten magnetisk tiltrukket av å finna ut meir om dette å tru. Det ser ikkje ut som alle har heilt same trongen. På same måten som eg veit med heile meg at eg godt kan leva utan utforska ekstremsport og fallskjermhopping, så ser det ut som om mange kjenner det same når det gjeld religion. Korfor det eventuelt er slik, anar eg ikkje, men eg håpar at eg ikkje er ein av dei som stengjer døra viss nokon har lyst til å stilla spørsmålet «Are you the man who they say you are?»

Ha ein fortsatt fin palmesundag.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: