Påskeblogg kapittel fem

I dag føremiddag var eg glad for å få heim ein mann som var befridd frå gallestein og som begynner å få sånn nokonlunde normal hudfarge igjen. Nå håpar me at helsa skal gå på skinner ei stund…
I dag fekk eg prøvd meg på gamle kunstar som småbarnsmor. Eg hadde begge dei små på besøk frå morgonen til ettermiddagen, og kan stolt og glad fortelja at det ser ut som minstejenta har akseptert at det er relativt trygt å vera i lag med mormor sjølv om mamma ikkje er der. Vegen dit har vore lang for kengubarnet vårt har likt seg absolutt best når ho er i armane på mamma eller i det minste i same rotet. Ho drakk mjølk av flaske, åt grøt med banan av skei og ålte og kravla seg fornøgd rundt på golvet. Det einaste som ikkje var så kjekt var føremiddagskvil i vogn i staden for i senga heime, dette på trass av gjennomsynging av «Byssan lull» med alle versa opptil fleire gonger komplettert med heile resten av arsenalet av god-natt-songar og andre songar kombinert med vogging og byssing av vogn. Det fungerte så pass dårleg at til neste kvil måtte me ut på skikkeleg trilletur med storesyster på trillande fotbrett kopla til vogna. Det gjorde susen. Storesyster er nå så stor at ein kan føra spennande samtalar med henne, og i tillegg er ho kjempeflink til å hjelpa til å passa ville babyar utan å bli lei seg for at duplobysekvensen måtte avkortast fordi nokon ikkje hadde tenkt å sova likevel. Då eg hadde småbarn hadde me syskensete oppå vogna i staden for fotbrett. Det var veldig praktisk. Med fotbrett treng ein strengt tatt litt lenger armar enn eg er utstyrt med for å få til ein komfortabel trillestilling. Med litt trening så går det etterkvart betre.
Sidan eg sjølv klarte å få dei yngste to med seksten månadars mellomrom, så fekk eg og med meg ein periode med tvillingvogn. Det var praktisk og litt «bøse» å kunna vera ute med to smårollingar samtidig. Eg synest det er heilt ubegripeleg at det faktisk er så lenge som det er sidan eg hadde huset fullt av veldig små og litt større barn. Eg hugsar det faktisk ikkje som veldig travelt heller, men det må det jo ha vore, så det kan vera minnet som legg sitt barmhjertige slør over deler av verkelegheitsorienteringa. Eg er ufatteleg heldig som har dei to små barnebarna så fysisk nær at me kan treffast mange gonger i veka, og eg veit at eg er det.
I Oslo-området har det viss vore bortimot sommartemperaturar i dag, og det unner me dei. Her har det vore opphaldsver, men det me på godt jærsk kallar ganske vasskaldt. Dei melder opphaldsver og til og med litt sol i dagane som kjem, så eg håpar det kan bli nokre fine turar. I kveld har eg sitte og jobba med elevtekstar til boka eg alltid lagar saman med elevane frå kulturskulen, det er fint å ha litt god tid til å få sett seg ned med slikt. I tillegg har eg spennande ting på strikkepinnane og eg har endeleg fått tid til å begynna å lesa «Hekneveven». Eg var sein til å få lese «Søsterklokkene», av og til kjem eg av ukjende grunnar liksom ikkje i gang med bøker alle seier er fantastiske, men då eg fekk ho til jul sette eg i gang og vart heilt bergteken.
Av rare ting som eg sikkert ikkje er aleine om, så må eg fleire gonger kvar dag inn på nettet for å sjekka koronanytt og smittesituasjonen både i verda, i landet, i Rogaland og i Time kommune. Det er faktisk det første eg gjer kvar morgon. Nå prøver eg å ta litt ferie frå tanken på smitte. Det er rett og slett litt befriande å kunna skjerma seg sjølv litt meir enn me kan i den vanlege skulekvardagen. Nå håpar me på forsvarlege tilstandar resten av skuleåret, me får bare vera så kloke som me kan alle saman og kryssa fingrane for at dette skal gå bra.
Og først av alt så skal me feira påske.
Heidi