Gå til innhald

Påskeblogg kapittel seks

mars 31, 2021

I dag har eg vore på ein fin tur i lag med Odd Christian og Sonja, me parkerte ved Sælandsskogen og gjekk over Lyngaland, rundt Melsvatnet og så tilbake gjennom ein skog. Ein fin påsketur blei det med kaffipause med kvikk-lunsj og på stier gjennom litt ulikt landskap. «Sjå kor grønt det er,» sa eg til Odd Christian. «Det ser nesten ut som eg har brukt filter». «Du har brukt filter, » sa han. «Så grønt som det er det ikkje i verkelegheita». Mobilen din må ha eit innebygd filter på fotografering. «Kanskje du har rett,» sa eg, sjølv om eg i grunnen ikkje ville at det var slik det skulle vera. Eg ville gjerne at det skulle vera akkurat så grønt, for grønt er så veldig fint, spesielt nå om våren.

Ein nesten lik samtale hadde eg med Sunniva i fjor. «Sjå så fin ho er på det biletet,» sa eg om eit fotografi eg hadde teke. «Ja,» svarte ho, «men du veit at slike Huawei- telefonar har innebygd skjønnheitsfilter? Han glatter ut rynker og slikt!» Kunne dette vera sant, ved nærare ettersyn var eg einig i at det nok var slik det var…

Det fekk meg til å tenkja at me nok på ein måte alltid bruker filter når me ser på verda. Nokre menneske ser nok verda gjennom gråfilter, andre bruker rosa briller og nokre er hekta på det grøne i verda slik som eg. Eg hugsar at då eg var lita lurte eg på om det eg såg som blått kunne sjå grønt eller gult eller lilla ut for andre menneske. Me får jo aldri samanlikna synsinntrykka fordi me aldri ser verda gjennom noko anna enn eigne auge. Av og til slår det meg at me menneske liknar kvarandre meir enn me likar og tru, andre gonger lurer eg på om me verkeleg ser og opplever det same fordi me opplever livet så forskjellig. Me opererer med ulik bekymringsgrad, ulik omsorgsgrad, ulik grad av fantasi. Sjølv er eg så interessert i andre menneske at det grenser stygt til det som med eit godt jærsk ord heiter å vera «forveden» og det skal ein helst ikkje vera. Når nokon seier at dei irriterer seg forferdeleg over å høyra folk sitja på bussen og snakka i mobiltelefon, så torer eg nesten ikkje å seia høgt at eg nesten alltid synest det er spennande å høyra nokon snakka i mobiltelefonen. De gir meg eit lite kikkhol inn til livet deira, og det blir nesten som å lesa ei side i ei bok eller sjå nokre minutt av ein film. Ein gong eg fortalde dette til ein eg kjenner svarte han «Ingenting kunne interessert meg mindre enn privatlivet til eit tilfeldig menneske på bussen». Eg måtte rett og slett innsjå at for han var nok utsagnet heilt sant…

Det er fint å gjera ting saman med andre, og me kan kanskje nærma oss kvarandre via historiane våre. Historiane om levd liv lagar seg sjølv mens me lever. Kanskje me opplever ting så forskjellig fordi det er meininga at me skal kunna få til fine ting saman med mange slags innfallsvinklar og med bilete tekne gjennom ulike linser og filter. Noko eg har lært etter kvart er at me skal lytta med respekt til kvarandre sine historiar og for det ulike menneske er overbevist om at er sant og rett.

Og nå er det påske. Koronapåske, den andre me opplever faktisk. Det me opplever blir historiar me skal ta med oss vidare. Dei blir kanskje litt annleis enn dei påskehistoriane me lever under meir «normale» forhold. Det blir sagt om barn som har sorg at dei går inn og ut av det romet der dei sørger. Slik er det med oss alle. Me går inn og ut av ulike rom i livet. Eg kjenner at det kan variert frå time til time om korvidt eg kjenner meg fanga og begrensa av koronaepidimien og korvidt eg nesten har gløymt at det er slik det er.

Nå skal eg slutta før eg dreg amatørfilosoferinga ut i parodien. Leif har vore innom på sjukehuset og teke diverse prøvar. Han har blitt lova at han blir prioritert når det gjeld å få fjerna galleblæra og at han kan venta ein operasjon om ca to veker. Det er me glade for begge to. Nå har den siste halvanna veka blitt prega av sjukdom, men nå skal me konsentrera oss om «normal påske» der me kan gjera avtaler med andre og planleggja slikt som det er lov å gjennomføra. Det skal bli fint.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: