Påskeblogg kapittel sju

Skjærtorsdag utan nattverdfeiring…
Viss ikkje dette hadde vore skrive i så spesielle tider at dei fleste straks forstod årsakssamanhengen, så ville datoen kunna tilsagt at det var ein aprilspøk. I staden er det rett og slett akkurat slik det er. Den dagen me feirer at nattverden vart innstifta må dei fleste kyrkjer la vera å i det heile tatt opna dørene til resten av verda.
Nattverden, som jo rett og slett betyr kveldsmaten, er for kyrkja eit sakrament, alle som vil blir inviterte til å ta i mot brød og vin med orda dette er Jesu kropp, og dette er Jesu blod. I den norske kyrkja er det ikkje så mykje som minner om kveldsmat lenger når nattverden blir delt ut. Ein får vinen utdelt i eit lite beger og brødet er ein liten kvit kjeks, bakt av nonner så vidt eg veit, med bilete av Jesus på korset på. Andre gonger får ein brødet i handa og dypper det i eit større beger med vin før ein tek det inn i munnen og på den måten får begge deler samtidig. Nå under korona har eg vore med på andre variantar og. Siste gongen hadde både presten og nattverdutdelarane munnbind på seg. Det var eit på same tida så surrealistisk og så vakkert syn, at eg skulle ønska eg hadde teke med meg mobilen fram for å få dokumentert eit nærbilete, men slikt gjer ein ikkje.
Andre kyrkjesamfunn har andre skikkar for nattverd. Eg har sett pastorar børsta kneippbrødsmular av den mørkeblå terilenebuksa etter å ha brote brødet. Det seier mest om meg og min dessverre uoppdragne sans for humor at eg måtte bita meg i underleppa fordi eg fekk så lyst til å le. Denne pastoren var sikkert på mange måtar nærare den opprinnelege formen for nattverd enn det eg er van med.
Men det ER ei merkeleg greie dette me held på med. Sett utanfrå er det heile nokså uforståeleg. Gjer kyrkja verkeleg dette i 2021? Eg har høyrt oppriktige menneske fortelja at dei blir pinleg berørte viss dei er i ei kyrkje og det plutseleg er nattverd der. Eg har til og med høyrt ordet «litt uhyggeleg» brukt om det. Og ja, det er rart. Det syntest eg og då eg var barn og framleis ikkje hadde opplevd kor fint og kor spesielt det er å vera med på nattverd.
Elevane reagerte og med stor undring då me hadde «påskevandring med dramatisering» i den siste KRLE timen før påske. «Sa Jesus det?» spurte ein av tredjeklassingane med open munn og forundra blikk. «Sa han at det var BLODET hans?» Sidan det var i ein skuletime svarte eg at det er slik det står fortald i bibelen, den boka som fortel oss om Jesus og påske, og at dei fleste kristne deler ut brød og vin i kyrkjene sine slik Jesus sa dei skulle gjera det.
Eg trur og noko av det som gjer det framand for mange med nattverd er at det i si tid vart forkynt at nattverden var for dei «rett-truande». Det vart til og med sagt at ein kunne eta og drikka seg til doms dersom ein ikkje var oppriktig i trua og hadde synder ein prøvde å skjula. Eg får frysningar på ryggen av å tenkja på at slik har det vore. Ein gong fekk eg spørsmålet «Er det lov for ein ærleg tvilar å ta i mot nattverden?» Då svara eg at det var absolutt lov. Er me ikkje alle innerst inne ærlege tvilarar? Det er godt mogleg at eit samla verdsvidt teologkorps ikkje ville stilt seg bak svaret mitt, men det kan eg leva med.
Men det skjedde meir på skjærtorsdag som gjer inntrykk. Jesus vaska føtene på vennene sine. Dette vart sett på som høgst upassande sidan det var ein tenar si oppgåve. Han insisterte på å gjera det likevel, og slik vart det. Ein gong for ganske mange år sidan var eg på kyrkjedagane i Trondheim saman med mi gode venninne Heidi. På ein stand i ein messehall stod nokre av biskopane i landet og vaska føtene på frivillige som kom forbi. Det gjorde inntrykk på meg. Ikkje fordi ein biskop ikkje skulle kunna vaska føter, men fordi symbolikken i det vart så sterk. Og eg kjende at eg hadde ein indre motstand som til og med fortalde meg at eg var veldig langt i frå å setja meg på den stolen og få føtene mine vaska med hundrevis av tilskodarar.
Pave Frans har i fleire år vaska føtene på fangar i eit italiensk fengsel på skjærtorsdag. Eg har høyrd fortald at den opprinnelege skikken var at paven vaska føtene på kardinalar denne dagen, men at den nye paven insisterte på heller å gjera det i eit fengsel.
Av og til tenkjer eg at me som kyrkje burde vera eit «Bakvendtland» i forhold til trendane i samfunnet der det gjeld å prestera livet sitt, og der nokre menneske har mykje meir status enn andre. Om me har lært noko av Jesus, så er kanskje noko av det me skal ta med oss at alle menneske har like mykje verdi. Ingen av oss er bare gode og ingen av oss held mål om det gjeld å prestera og vera feilfrie. Jesus snakkamed og haldt måltid med dei som vart sett på som mindre verd og som mislukka menneske. Det skulle ikkje forundra meg om mykje av det dei hadde å fortelja ville vore av høg verdi å lytta til av dei som sat rundt på høge hestar og let seg provosera.
Nå skal me snart eta tidleg middag hos Ingrid og Oddvar og ute er det sol. Eg trur dette kan bli ein veldig fin skjærtorsdag.
Eg ynskjer alle som les ei framleis god påske og sluttar med eit innramma skjærtorsdagsdikt frå utstillinga eg hadde i lag med Inger ei påske for etterkvart ganske lenge sidan. Eg hadde to ulike skjærtordagstekstar, og det eine heng på veggen heime hos meg. Dette må jo vera dagen for å visa det fram.

Heidi