Gå til innhald

Påskeblogg kapittel åtte

april 2, 2021

Desse fine krokusane fekk eg av ein liten frokostgjest. Eg hadde sagt i går at eg ønska meg slike, for dei har mange fleire blomar i hagen enn det me har. I dag hadde me lang påskefrokost i dag med jakt på påske-egg etterpå. Minstebarnet fekk sitt aller første påske-egg med sin aller første smoothie-pose oppi. Det smakte godt. Tidlegare har barna her i huset måtte venta til første- påskedag- morgon med å få egget sitt. Eg ville at dei skulle kjenna på påskedramaturgien, at det er påskemorgon som er dagen for glede, men ein blir tydelegvis mindre prinsippfast med åra…

Dei åra eg har kunna har eg syntest det har vore fint å leva gjennom påskedramaet, dag for dag i kyrkja, i alle fall dei dagane det har latt seg gjera. I år blir det litt annleis. Akkurat nå høyrer eg radiogudstenesta mens eg skriv. Det er fint det og.

Det fine med påsken er at me sit der med fasiten i hand og veit at same kor vondt og vanskeleg det er, så veit me korleis det skal gå. Livet skal vinna over døden, kjærleiken skal vinna over hatet og håpet skal vinna over mismotet.
Heldigvis klarer eg å ta med meg mykje av denne dramaturgien inn i resten av livet mitt og, sjølv i dei delene av det der me er hjelpelaust utan fasit.

I går fekk me god middag hos Ingrid og Oddvar, og me nyt å kunne feira i lag med familien sjølv om det blir med nokre få personar om gongen, kohort for kohort, dei som ikkje er i familien prioriterer me å møta utandørs. Slik er det i år, og me håpar dette blir ståande som ein av to påskar som blir eit merkeleg minne om ein rar periode i livet, men som er heilt over til neste gong me skal feira vår og oppstandelse.

Og dette biletet har eg fått lov til å leggja ut på bloggen. Det er eit bilete som viser det velkjende motivet «påskemåltidet» i ein ny variant. Dessutan er det eit bilete om håp og glede og nytt liv. Dette vesle vesenet sat i dag til bords i ein tripp-trapp-stol og åt frokost saman med oss andre. Motivet over er henta frå middagen i går.

Etter ein lang frokost med påfylgjande speling av spel, legging av puslespel og utdeling av miniatyrpåskeegg i Duplobyen, tok eg med meg den aller yngste og gjekk ein kviletur med henne slik at ho skulle få den hardt tiltrengte føremiddagsluren sin. Det var sol og eit skarpt kaldt drag av vår. Eg gjekk ein runde i Sandtangen og såg at bare i løpet av nokre dagar var det nye knoppar og til og med små miniatyrar av nyfødde blad på enkelte av kvistane. Det er tydeleg at nå er naturen rett og slett i ferd med å vakna att. Eg møtte folk som grilla saman, gjekk turar saman, eller sat ved bord og drakk kaffi. Etterpå gjekk eg ein runde i eit relativt påsketomt Bryne sentrum, men her og hadde folk sett seg ned for å prata ved nokre av borda. Om det nå er påskesola eller koronafaren som får folk til å trekkja ut for å møtast under open himmel veit eg ikkje heilt, det er vel sannsynlegvis ein kombinasjon.

Då eg kom heim var det ei litt større jente som hadde lyst til å vera litt hos mormor heilt aleine. Det er fint å få litt tid til å leika og prata utan at det er så mange der heile tida. Plutseleg ropte ho «Mommor, æg he fonne ei billa, å hu æ heilt levande!» Eg kom for å sjå, og billa viste seg å vera ei flue, men eit ganske vakkert eksemplar av rasen, heilt blå og metallglinsande.» «Mommor, flue æ heilt levande, dæ betyr atte nå komme sommaren!» Det er ein optimisme eg kan lika å dela så eg gav ho heilt rett i det, snart kjem sommaren, men først skal me ha vår og det og er veldig fint.

Leif fekk besøk av eit par kompisar som heilt politisk korrekt vart serverte kaffi og nysteikte frokostrundstykke uten på verandaen. I mens bakte eg eplekake og høyrde på musikk-date på P2 der gjestene var Olaug Nilssen og Åste Dokka. Det var både fin musikk og ein interessant samtale, så eg anbefaler dei som ikkje høyrde på å høyra det på P2 på nettet.

Nå skal eg snart ha eit treff på nettet med ei eg har lyst til å snakka med, og i morgon blir det meir turgåing. Det ser ut som om veret blir bra til og med i morgon, så då gjeld det å benytta seg av det.

Ha ei framleis god påskeveke

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: