Gå til innhald

Våg å stå som Daniel?

april 11, 2021

Då den eldste sonen min var 4-5 år var han ein omsorgsfull, snill og veldig forsiktig gut. Ein dag sat han og grubla over yrkesutsiktene for framtida: «Æg ska ikkje ha enn farlige jobb, så æg kan ikkje bli politi elle elektrikar… Æg trur æg vil bli lærar, mor. Så kan jedna æg å du jobba i den same klassen… Då kan æg spæla piano når di synge, for du kan jo ikkje spæla piano.»

Og jammen gjekk det ikkje troll i ord. Guten har vore lærar i meir enn ti år. Den delen om å ha klasse i lag har aldri blitt realisert, og det er kanskje like godt… At ein som lærar er i eit spesielt beskytta yrke er vel å ta hardt i. Eg har gjennom mine 36 år i faget blitt både, sparka, slått i hovudet med harde ting, fått ein støvel i nasen drylt i fullt sinne, blitt biten, klort, lugga, utskjeld og trua. Alt dette er ein del av jobben som eg har teke med stor ro. Eg veit at små menneske kan bli frykteleg frustrerte og sinte, og at det å gje det fysiske uttrykk som i eksempela over kan vera ei følgje av å vera ganske liten, og ganske redd, og det å mista styringa på seg sjølv for ei stund. I dei aller fleste tilfella har eg visst at under alt dette ligg det ei trygg tilknytning til barnet det gjeld, og at snart skal me vera bestevenner igjen. Eg kan med handa på hjartet fram til nå seia at eg aldri har vore redd for verken å gå på jobb, vera på jobb eller stå i tøffe situasjonar.

Nå begynner det å røyna litt på med fryktreaksjonane. I eit år har eg nesten kvar einaste dag scanna alle svake symptom og lurt på om det kan vera koronasmitte. Eg har stort sett vore mest redd for å smitta andre, livredd for å smitta foreldra mine, som nå heldigvis er vaksinerte, men og redd for å smitta folk i risikogrupper, og elevar som av ulike grunnar slett ikkje bør få sjukdomen. Me har trøysta oss med at covid ikkje lett smittar barn og at det ikkje er så veeeldig smittsomt viss me er forsiktige. Med dei nye mutasjonane har det endra seg. Nå er det smitte på alle skulane på Bryne bortsett frå på min, og me veit at det å beskytta seg på jobb ikkje er lett.

Sjølv er eg i lag med ca 70 elevar i løpet av ei veke. Dei fleste er tredjeklassingar. Klasseroma er delvis små og tronge, gangane er til dels veldig tronge, og det med tometer eller einmeter kan me bare gløyma. Når ein jobbar med så små barn må ein vera tett på for at me skal ha det bra saman. Det må trøystast, plastrast og haldast, og av og til må det klemmast. Det blir snakka mykje om sårbare barn, og sårbare barn eller for den saka si skuld robuste barn, omgåst ein ikkje på to meters avstand om ein skal ha det bra i lag med dei og skapa trygge, sterke og glade menneske.

Då eg hadde sjuande klasse for eit års tid sidan vart me oppfordra til å snakka med dei på ein mest mogleg skånsom måte om korleis me skulle forhalda oss i ein valdeleg situasjon for eksempel skuleskyting. Me snakka om at det var veldig usannsynleg at dette skulle skje, men at me i ein slik situasjon ville vera tryggare om me hadde snakka om det på førehand. Ein av elevane spurde: «Men hadde ikkje du hatt lyst til å ryma viss det kom ein mann med pistol inn hit?» Eg svarte at då var jobben min å prøva å halda meg roleg og tenkja på dei og ikkje på meg sjølv. «Men hadde du klart det?» «Eg måtte jo det», sa eg og håpa at det var sant og at det aldri kom til å bli sett på prøve.

Eg veit at dersom eg var røykdykkar, politi, yrkessoldat eller lege, så kunne eg ikkje reservera meg mot farlege og ubehagelege situasjonar. Nå kjenner eg at eg som lærar er litt i den kategorien. Av og til blir ein som menneske utfordra og blir nøydd til å stå i situasjoner som er ukomfortable, slike situasjonar der Jonatan Løvehjerte i brødrene Løvehjerte ville sagt at det må ein bare om ein skal være et menneske… Det hender me står i situasjonar me helst ville sluppe å stå i, og ofte går det bra…

Nå har eg avslørt at på enkelte område i livet høyrer eg til dei redde. Ein flik av meg er hypokondar med helseangst, men stort sett klarer eg å balansera det med resten av meg. Eg er ikkje redd på jobb, der er eg fullt og heilt engasjert, det er når eg tenkjer på det før og etterpå at eg kan bli redd. Så får me prøva å vera kloke i alle dei tusen små situasjonane me står i kvar dag. «Kan du hjelpa meg med korken på drikkeflaska?» «Vil du ha ei drue av meg?» «Vil du hjelpa meg å viska?» «Kan eg få hjelpa deg å finna det på skjermen?» «Mari er lei seg, du må trøysta henne.»
Det gjeld å hugsa kor handspriten står.

Så høyrer det med til historia at ikkje alle lærarar er redde. Nokre av dei eg jobbar med seier at dei ikkje tenkjer på det i det heile tatt. At dei tenkjer at om ein skulle bli smitta så går det og bra, og at dei ikkje er bekymra. Sjølv har eg fantasi nok til å sjå for meg både intubering og nødrespirator. Å vera velsigna med stor fantasi er bra, men det har sine ulemper…

Når illsinte menneske ropar om gjenopning, skjenkeløyve og moglegheit til å reisa til utlandet igjen, så tenkjer eg:
Ver så gilde å ta det litt med ro… Akkurat nå gjeld det framleis mest liv og helse. Vaksinesprøytene ventar i ikkje det alt for fjerne, og mykje tyder vel på at dette er ein kamp me skal vinna. Eg veit me sit på kvar vår grein i det store treet. Nokre av oss har hatt heimekontor i eit år og knapt nok vore utanfor døra. Me lærarar er så heldige at me har levd nesten som normalt, og til og med fått med oss ein hektisk, lærerik og krevande periode med heimeskule. Andre har jobbar som er i fare eller har gått tapt. Me må tenkja at dette skal me klara saman.

Og så nynnar eg nesten høyrbart «Våg å stå som Daniel», den gamle gode songen frå sundagsskulen i barndomen, medan eg gjer planane klar for neste veke. Nokre periodar blir menneska ekstra utfordra, og for oss som er fødde på seksti-talet eller seinare er dette kanskje ein av dei første gongene me verkeleg føler det på kroppen.

Den fine teikninga over har Emilie i 3.klasse laga. I september overraska ho meg med å teikna menneske med munnbind. Det var før me begynte å bruka slikt dagleg i vårt hjørne av verda. Eg fekk lov til å bruka teikninga då, så eg går ut i frå at det går bra nå og.


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: