1.mai 2021 – Ver ikkje bekymra

Det er mai månad igjen. For slike som meg kan både første mai og påsken koma som julekvelden på kjerringa. Er me verkeleg nådd så langt alt? Samtidig så kjenner eg med heile meg at denne våren og bjørkespretten har eg venta på med stor forventning. Det har ikkje blitt spesielt tidleg grønt i år, men nå er bjørkene i ferd med å spretta ut, graset er i ferd med å bli intenst grønt, og gauksyra blømer i Sandtangen.
I dag har veret vore nydeleg. Sola har vore framme mykje av dagen og den iskalde nordavinden har roa seg. Eg har vore på trilletur i Sandtangen med minstejenta som skulle ha ettermiddagskvilen sin. Først sat ho med runde forvitne auge og såg på alle folka som var samla langs vegen for å sjå på motorsyklane som skulle koma i kortesje og på dei store norske flagga som vaia i Storgata. Så vart augneloka tyngre og tyngre, og etter ei stund såg eg at det var på tide å leggja ned ryggen på sportsvogna slik at ho kunne sovna. Nokre dagar føler ein at ein blir boren av naturen. Slik var det i dag. Len deg tilbake og pust roleg, i dag viser eg fram det beste eg har, kviskra dagen.
I morgon startar me med sundagsskule att i kyrkja. Nå er det lenge sidan sist. Den eldste veslejenta gleder seg. «Er korona slutt nå?» spurte ho med store auge då eg spurte om ho hadde lyst til å vera med. Ho har hatt veldig lyst til å gå på sundagsskulen igjen, og me har forklart at kyrkja er stengd på grunn av korona. Tenk eit barn som verkeleg synest at noko av det kjekkaste som finst er å vera med i kyrkja. Eg er nesten litt forundra, måtte det bare vara ei stund, for kyrkja kan vera ein veldig fin plass å vera når ein kjenner at det er godt der.
Sundagsskuleteksten for i morgon er om å ikkje vera bekymra. Det er ein fantastisk tekst og ein utfordrande tekst. Eg må innrømma at det siste året har eg kanskje vore meir bekymra enn nokon gong før, og det ser ikkje ut til at eg heilt skal kunna slutta med å vera det på ei stund heller.
Eg trur ikkje på ein Gud som aldri let menneske oppleva vonde ting. Korleis skulle eg kunna gjera det? Eit blikk ut vindauget eller inn i TV-skjermen eller andre skjermar ville straks kunna leggja slike tankar flate på bakken. Derimot trur eg på eit Gudsnærver sjølv når livet er utfordrande. Det å ha noko større å lena seg mot når verda buttar i mot er ikkje noko ein skal undervurdera. «Sombody told me that in sorrow they could be glad». Slik er det, trur eg.
Nå høyrer eg at gilde gjester kjem inn inngangsdøra, så eg sluttar her. Fred vere med oss alle.
Heidi