2.mai- Vegen som blir til mens me går

Det er sikkert ikkje bare meg som blir overvelda kvart einaste år over at naturen plutseleg nesten eksploderer og blir grøn i staden for grågul. Det seiast at grønt er ein veldig beroligande farge, og det trur eg på. Aldri er verda så intenst grøn som i mai, det er som ei gedigen vitamininnsprøytning av noko me treng. Julinaturen er frodigare, og aldri er det så mjukt og moge som i august før hausten set inn med moge korn og gylne okerfargar.
I dag har me hatt både lang og koseleg frokost og lang og koselig middag i lag med to sett gjester. Det å ha gjester har nesten blitt noko ein ikkje veit heilt om det er lov å snakka høgt om. Det er nesten litt komisk at det å vera i lag med andre menneske er blitt vandringar i grenseland og balansekunst i forhold til det å leva så trygt og smittevernsforsvarleg som me bare kan få det til. Eg vil nesten påstå at det å vera i lag med andre menneske kjennest endå viktigare når det er bare så vidt at det er blitt lov. Eg kan jo skunda meg å fortelja at våre gjester har kome to om gongen og vore i nær familie med oss, slik at eg har sagt det liksom…
Om tre veker skjer det noko me kunne ha god lyst til å feira, korleis kan det la seg gjera? Kan me rekna med at det i det heile tatt let seg gjera? 17.mai-kabalen, korleis løyser me den utan å bryta reglar? Me finn vel ut av det, me er blitt ganske kreative…
Nå har me kome så langt at me ser for oss ei tryggare tid etter vaksinasjonen. Skulebygget der me held til har i 2022 vore i bruk i 100 år. Kanskje det kan la seg feira med ein ny personalrevy? Personalrevyar har me hatt før, og det har vore kjempekjekt. Det virkar som om det kan vera litt stemning for det i personalet, kanskje me bare skal gå i gang?
Tider og læreplanar forandrar seg. I mange år hadde me to store musikaloppsetjingar i året på skulen vår. Alle på femte, sjette og sjuande trinn fekk vera med på dette ein gong i året. I fleire år fekk me til og med bruka scenen i Storstova. Me hadde dansegrupper, kor, songsolistar, orkestar og skodespelarar. Me laga kulisser og kostyme, og gjekk ikkje av vegen for å ta litt av. I mange år hadde me glasskista Stig laga til Snehvit ståande på lageret. Den låg Snehvit oppi med gråtende dvergar rundt seg. Me hadde den store etasjebløtkaka som rektor kom ut av på ein av personalrevyane, og me hadde seksten ballkjolar med stiva underskjørt til ballet til Askepott. Dei brukte Jan Ivar, Thorbjørg eg og Signe ei helg på å sy ein gong for lenge sidan, og dei er framleis i bruk.
For ein arbeidsplass eg har hatt. Eg tek meg i å tenkja kor utruleg mykje kjekt me har gjort og prøvd ut. Med nye planar kjem nye tider. Dei nyaste læreplanane, som har hatt litt tronge kår fordi me samstundes lever med ein pandemi, har stort rom for kreativitet og elevmedverknad. Kanskje det blir tida for å kasta seg ut i store spennande prosjekt igjen. Tida får visa. Eg har ikkje planar om å leggja inn lærarårene på lenge endå, men eg er blitt vaksen nok til å sjå meg tilbake og tenkja: For ein fantastisk arbeidsplass eg har hatt, og for ei reise eg har fått vera med på.
Heidi