3.mai

Eg liker å jobba med kreative fag. I dag hadde eg først keramikk med ein gjeng tredjeklassingar, så teikning med ein annan gjeng tredjeklassingar. I kveld har eg sitte og jobba med tekstar laga av tenåringar som me skal publisera i den boka elevane på skapande skriving gir ut kvart år. Eg føler meg ganske priviligert som får lov til å gå inn i andre sine uttrykk og sjå ting der som den som har laga det kanskje ikkje er klar over sjølv ein gong at ho har vist fram.
Kvar tysdagskveld sit eg to timar i lag med ein gjeng tenåringsjenter og skapar tekstar. Då blir det naturleg at me snakkar ganske mykje saman og. Av og til føler eg at døra blir opna på gløtt inn til eit rom eg sjølv for lengst har gått ut av. Sist gong var det ei som sa: «Eg trur rett og slett ikkje at vaksne klarer å forstå oss. Den verda me lever i er så veldig annleis frå den dei vaks opp i.» Som vaksen er det lett å tenkja at slik har tenåringar sagt i alle år, og trudd på det sjølv. Me vaksne forstår dei mykje betre enn dei trur. Me er som kyr som hugsar betre enn ungdomane trur korleis det var å vera kalvar…
Noko i meg tenkjer likevel: Eg trur jammen dei har litt rett i det dei seier. Måten dei har blitt forma på gjennom å veksa opp med sosiale media på alle kantar er noko me ikkje heilt kan forstå fordi me var vaksne då alt dette begynte å skje. Å vera tenåringar i eit koronaår har me heller ikkje opplevd. Me har prøvd eit slikt år som vaksne, men eg trur ikkje det heilt kan samanliknast. Dei er i ein fase der ein normalt orienterar seg utover og vekk frå familien, og dette året har dei måtta gjera det på ein annleis måte. Eg trur det kjem til å prega dei, men eg trur ikkje at dei bare nødvendigvis har tapt på det. Dei har fått erfaringar som i beste fall har kunna vera med på å gjera dei meir reflekterte og meir sjølvstendige. Gjennom tekstane som blir skrivne i den vesle tysdagsgjengen min, kan eg kanskje vera med og løfta fram stemmer som ikkje så ofte blir høyrde. Eg trur jammen eg skal spørja dei om lov til å presentera noko av det dei har skrive her på maibloggen min.
Sjølv har eg gjort meg den interessante erfaringa å gløyma mobilen min igjen på arbeidsplassen min i dag. Eg fekk det litt travelt og skulle skunda meg heim til middag og barnebarn som ville koma på besøk. Eg oppdaga ikkje før eg var heime at mobilen ikkje hadde blitt med meg. Det første eg tenkte var at eg fekk gå tilbake i kveld for å henta han, men så kom eg på at nøkkelkortet til jobben ligg saman med mobilen. Det gjorde det heile meir komplisert for då måtte nokon enten låna meg både kort og kode eller bli med meg til skulen for å låsa opp. Eg bestemte meg derfor for rett og slett å klara meg utan mobiltelefon til i morgon…
Sidan eg ikkje bur aleine skal eg nok koma meg opp og i veg til jobb. Eg gjer meg tankar om kor latterleg avhengige me er blitt av å ha mobil. Fast-telefonar og vekkjerklokker er ein sagablott, og korleis skal folk få tak i oss om ikkje på mobilen? Eg er rimeleg sikker på at eg nok skal klara meg utan mobil til i morgon, men det er nesten litt skremmande kor mange gonger eg allereie har hatt lyst til å sjekka noko eller til å fotografera. Så viss nokon skulle prøva å ringa meg akkurat nå: Eg har ikkje mobilen heime, men kan nåast på mail eller messenger…
Heidi