4.mai- Dagen som rommar i overkant mykje

Dette biletet blir eg glad av å sjå på. Eg har fått lov av Mina på tredje trinn til å bruka biletet, og sidan eg allereie har slått eit slag for at barnekunst og barnetekstar er ein undervurdert ressurs, så må vel dette vera midt i blinken når eg sit her og glipper med auga og gjerne vil dela noko fint.
Tysdag er den lange dagen reint jobbmessig. Då skal eg troppa smilande opp på arbeidsrommet i 4. etasje i gamlebygget på Bryne skule. Så går det slag i slag til eg syklar heim etter end gjerning i kulturskulen sånn i åtte-ni tida om kvelden. Eg har sjølv vald å ha det slik, så eg klagar ikkje, men eg må innrømma at i dag sovna eg i sofaen med strikketøyet i hendene då eg ville slappa av med ein episode av «Weissensee» før dagen skulle tast inn for landing.
På trass av at dagen har vore av det litt grå slaget med den velkjende luftkvaliteten som me kallar «vasskaldt» så grønkast det så grundig at blada nesten spring ut medan me ser og observerer. I kveld var det mykje grønare då eg sykla heim enn då eg sykla til arbeid om morgonen.
I dag viste det kartet eg sjekkar dagleg at det har gått to heile veker utan nye koronatilfelle i kommunen. Dette er vel verd å feira, men i dag kom beskjeden om at det er smitta russ på mange skular i distriktet, og mange ungdomar er i smittekarantene og ventekarantene. Me får håpa at dei aller fleste slepp i frå det med skrekken. Til nå har me sluppe billig frå smitte på arbeidsplassen min, og det vil me gjerne fortsetja med om me får velja. Eg har stor forståing for at ungdomen er leie seg for at mykje ikkje blir slik dei hadde håpa, eg håpar bare at me alle klarer å både vera forsiktige og romslege med kvarandre til denne situasjonen er over.
Det er mykje akkurat nå på både den eine og den andre måten, men me trøystar oss med at vårt hjørne av verda blir lysare og grønare for kvar dag som kjem og går. Sommarvarmen kan koma kvar dag som helst. Det gler me oss til.
Heidi
Takk for det du deler kjaere Heidi. Ee saa takknemmeleg for dine inlegg. Er norsk dame i Toronto, Canada, og norsken min er litt rusta naar eg skriv sjolv, men saa glad for aa ta imot det du skriv. Du er eit lys.:-)
Klem fraa Jorunn Brit mamoniw, Toronto
Tusen takk, Brit 🙂 Det var då vakkert sagt ❤