Gå til innhald

5.mai – Danse mi vise, gråte min sang

mai 5, 2021

Desse to bileta er frå eit av klasseroma eg held til i. Me er med på noko som heiter «Skolenes sangdag» som mellom anna går ut på at me øver inn ein del songar som «alle skulebarn i landet» skal synga den 12 mai til lyden av Kringkastingsorkesteret. Det er fint å begynna skuledagar med song, og sidan ingen har fortald til oss i skulen at me sjal vera forsiktige med å synga på grunn av smittefare, så har eg lagt den tanken heilt til sides…

Eg vart glad for å oppdaga at visa «Vinden blæs synna og vinden blæs norda» var ein av songane elevane skulle få øva inn. Det er ein tekst eg har vore glad i heilt sidan eg hadde gitar valgfag med Terje Korneliusen ein gong midt på syttitalet, og me song oss gjennom den kvite viseboka med famlande gitargrep til. Eg synest det er fint at me snakkar og syng sant om livet når me presenterer det for barna. I dag snakka me om teksten med elevane i den eine klassen. «Friarar er vi om vona er lita, nynn om a Berit så får du a Brita…» Eg fortalde storøygde åtte-ni-åringar at mykje i livet kanskje blir litt annleis enn me tru,r og at mange av dei menneska som verkeleg kjem til å bli viktige i livet deira har dei ikkje møtt endå…

Så hadde me krle-time om ramadan og spelte den danske visa «Ramadan i København». Eg synest det er så fint at elevar lærer om mange ulike vinklingar på livet. Når me lever i ei tid som er prega av roping i ekkokammer, så synest eg det er fantastisk at me i skulen har sjansen til å jobba med forståing og toleranse. Eg trur eg har nemnd før at eg liker jobben min og opplever det ytterst meiningsfullt å bruka så mykje tid i lag med barn. Det inneber mellom anna at ein blir nokså utfordra av og til, ein gløymer ikkje at ein lever så lenge ein har eit klasserom eller fleire å gå inn i.

Og om det ikkje er heilt slik at blåveisen blømer i gråbleike vårer her på Jæren, så er det i alle fall sant at hestablommar og sauablommar for å ta med begge variantane legg seg som gule teppe i grønkande gras under nysprungne bjørker i vasskalde maidagar.

Vel heime frå jobb fekk eg gleda av å fylgja etter eit lite kravlekryp og storesyster hennar rundt i huset vårt. Nå går krabbinga i eit forrykande tempo, så det gjeld å passa på kva ho stappar i munnen og kva ho prøver å reisa seg opp etter. Ho har og gjort eit par forsøk på å koma opp trapper, så det er best at ein vaksen er like i nærleiken. Ungar får eg ikkje nok av og det har eg viss aldri gjort.

Nå skal eg sjå om eg finn viseteksten eg har drive og sitert. Den varianten me bruker med elevane finn du viss du googlar skolenes sangdag. Det kan passa greitt at gitargrepa kjem med. Einar Skjæråsen er forresten ein av mine absolutte favoritt-lyrikarar. Han skildrar livet og naturen på ein måte som er så var og gjenkjenneleg.

Heidi

Danse mi vise

 Am                   Dm          E         
Vinden blæs synna, og vinden blæs norda,
Am       F          G          C
lyset og skuggen er syskjen på jorda.
E          Am        Dm         E
Sommarn er stutt, og vintern er lang.
Am       Dm    E         Am
Danse mi vise, gråte min sang.


Innunder yta glir moldmørke årer.
Blåveisen blømer i gråbleike vårer.
Livstrua bryt gjennom tele og tvang.
Danse mi vise, gråte min sang.

Friarar er vi, om vona er lita.
Nynn om 'a Berit, så får du 'a Brita.
Drøm på din sten at du sit på et fang.
Danse mi vise, gråte min sang.

Somme er fattige, somme er rike.
Bare tel slutt er vi jamsis og like.
Vegen er lystig, og vegen er vrang.
Danse mi vise, gråte min sang.

Einar Skjæråsen

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: