Gå til innhald

6.mai- spor i sand

mai 6, 2021

Så fint lys og så fine fargar var det på Borestranda i dag. Då er det fint å vera ute så sant ein har kledd seg godt nok…

I kveld såg me eit fint TV-program om Jon Fosse. Han er jo ikkje ein mann som trivest med å stå fram offentleg for å snakka eller å bli intervjua, så Hans Olav Brenner som var ansvarleg for programmet hadde vandra i Jon Fosse sine spor i tillegg til å få eit par fine, men eksklusive intervju. Me fekk mellom anna vera med til Strandebarm for å sjå plassen Jon Fosse vaks opp, og der er det verkeleg vakkert.

På spørsmål til forfattaren Fosse om kor vidt han lengta til og sakna Strandebarm, svarte han at nei, Strandebarm hadde han aldri lengta tilbake til. Der i mot lengta han alltid til vestlandet når han ikkje ein gong inn i mellom var på vestlandet. For å forklara kva han meinte sa han: » Vestlandet, det er sjø og båtar, vind og ver, og det lengtar eg alltid etter». Eg forstår kva han meiner.

Han snakka og om det å ha konvertert til katolisismen etter å ha vend ryggen til den vestlandske kristendomsforståinga alt i barndomen. Han blei bedt om å seia noko om Gud. Då svara han omtrent dette: «Det eg kan seia om Gud er at det ikkje går an å seia så mykje om Gud, han er alt for stor for orda»…

Og her må eg faktisk unnskulda meg sjølv litt. Her driv eg og siterer Jon Fosse etter eigen hukommelse og eiga tolking, det er sjølvsagt ytterst uprofesjonelt og sikkert nesten på grensa til det utilgjevelege. Dersom han mot alle formodningar skulle lesa dette og føla seg krenka og misforstått får han skriva eit rasande brev til meg, og eg skal lova å leggja meg flatt.

Jon Fosse fortalde at han hadde vakse opp vegg i vegg med besteforeldra sine og gått ut og inn hos dei. Slik hadde eg det og til eg var nesten seks år og flytta til Ålgård. Besteforeldre i nabohuset ville eg ha unna alle barn å ha. Det var verkeleg fint. Og då me flytta var eg så heime hos dei at eg like gjerne kunne vera hos dei i lange periodar når eg hadde skulefri som å vera heime. Fosse mista bestefaren då han var sju år, men bestemora hadde han i heile oppveksten. Ho var aktiv på det vesle kvite bedehuset. Då Jon Fosse var godt og vel vaksen og sjølv hadde funne fram til ei Gudstru såg han på trua til bestemor og dei andre gamle konene på ein ny og mykje mildare måte. Dette diktet har han skrive til bestemora. Det vart lese opp på programmet. Det var så fint at eg måtte sjå om eg kunne finna det på nettet, og det gjorde eg. Det vil seia at nå har eg noko fint å dela med dokker i dag og:

ein veg der dei gamle konene kjem
ei og ei
to og to
dei går der og ber på veskene sine
og så kan song høyrast
og så drøs
og så spreier kaffilukta seg gjennom kroppane deira
ein traktor køyrer forbi på vegen
ein fjord
legg sitt lys inn i dei små vindauga
i det kvite huset
ei bøn kan høyrast
og endå ein song
og så mørkrar det stille og fjorden legg seg innover landet
og dei gamle kvinnene går heimover
i små grupper
Og så står bestemor mi
der i tunet
Ho seier at ho må legge pengane frå utloddinga
i skrinet sitt
der i skåpet
etterpå må ho og eg gå i floren
sauene må fôrast
og eg skal hjelpe henne
ta silofôr ut or siloen
Sov
de mine kjære
Og ver du ein god Gud

Jon Fosse.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: