Gå til innhald

7.mai – Eit dikt om bestemødrer

mai 7, 2021

For to veker sidan fekk me dette fine kortet. Det er barnebarnet på 3 1/2 som har bestemt motivet, og mamma måtte hjelpa til med teikninga. Her er morfar mummipappa og mormor mummimamma. Barnebarnet, veslesyster og mamma er tre mymler. Det er sommar og me har selskap i hagen og et bløtkake og muffins.

Ei mormor inspirert av mummimamma kan me leva med å vera. I går vart eg veldig inspirert av Jon Fosse sitt bestmordikt og etter at eg hadde skrive innlegget på bloggen måtte eg skriva mitt eige bestemordikt. I dag byr eg på det til ære for alle som har hatt ei bestemor eller som rett og slett er blitt det sjølv. Kanskje det igjen kan inspirera fleire til å skriva bestemorsdikt slik eg sjølv vart inspirert Fosse…

Eit dikt om bestemødrer

Det seiest at bestemødrer ikkje kan overvurderast,
i det miste seier eg det
og liker å tru at det er sant.

Sjølv hadde eg to
to velsigna bestemødrer.
Den eine sat mest i stolen sin
og hadde all verda med tid.
Ho hadde kvitt langt hår og dult i nakken
og ermeforkle
med nøklane til skjenken
og ein halv pose bringebærdrops
i den eine lommen,
hadde lange hudfarga strømper
med strikk på toppen
og sirlige bøter under føtene.


Den andre hadde blå kjeledress
og mjølka kyr.
Ho plukka bringebær,
lukte potetåkrar og hermetiserte pærer,
samtidig som ho bakte brød og dekka bordet.

Den eine song songar ho hadde lært på skulen
Aftensolen smiler og Kjærlighet fra Gud
og sa at det kanskje var best å tru
at me bare sovna inn for evig når me døydde.

Ho skreiv bøker for meg
før eg kunne skriva sjølv
på brødpapir
me sydde dei saman på midten.
Så lærte ho meg bokstavane
slik at eg kunne skriva sjølv.

Den andre høyrde morgonandakt
kvar morgon i lag med farfar
etter fjosen og morgonmaten
då skrudde dei på radioen.
Dei folda hendene og bøygde hovudet
når presten bad Fadervår,
og det var heilagt stille
før ho reiste seg og sprang
for å rekka alt ho skulle,
setja ein deig til ei gjærkringle,
koka litervis med dravle,
og kanskje selgja eit brett med egg
ute på kammerset til ei nabokone som kom forbi.

Ho med dulten hadde sveive-symaskin
som eg fekk sy dokkeklær på.
Ho i kjeledressen
hadde trø-symaskin
som eg fekk sy dokkeklær på.

Dei var så ulike
som to bestemødre kunne få blitt.

Eg elska dei begge himmelhøgt,
men det sa eg aldri til dei,
for slikt snakka ein ikkje om.

Ofte overnatta eg hos ei av dei.


Den eine sov på eit lite kammers
innanfor rommet der eg sov.
Me hadde open dør mellom oss,
og eg høyrde pusten hennar,
spesielt etter at ho hadde sovna.
Eg kvilte i den pusten
men var livredd at den skulle stoppa opp,
at ho skulle døy,
nesten på det same rommet som meg,
for ho var jo gammal.

Hos den andre var det eg som sov innerst
på eit rom innanfor soveromet
der ho sov saman med farfar,
eit rom med ein stor spegel
som viste meg at eg hadde vakse
sidan sist eg sov der,
med frostroser
på innsida av glaset på vindauget
viss det var vinter.

Langt fram i tida,
etter at eg sjølv var blitt mor,
sat eg i lag med dei
då dei snart skulle døy
først med den eine
og mykje seinare med den andre
medan eg haldt dei i hendene.

Den eine ropte på mor si,
som ho aldri hadde kjend,
den andre bad meg sjå ein siste gong
om ho hadde dekka bord til alle.
Ho peikte på bordet eg ikkje kunne sjå
og bad meg telja om det var nok stolar.
Det var det, meir enn nok stolar.

Nå har eg to barnebarn,
to små jenter,
og ingen bestemødrer lenger,
men likevel ber eg dei begge med meg,
og tenkjer på dei kvar einaste dag.

For meg var dei aldri Borghild og Helga
slik dei var for dei fleste menneske,
for meg var dei bestemor og farmor,
dei finaste namna eg veit.

Og eg veit eg har ein arv å fylla.
Ein treng ikkje vera ekstraordinært fantastisk
for å vera bestemor.
Det er nok at eg som dei
ser med kjærleik til desse nye små,
og har røter i mitt eige heilt alminnelege liv.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: