8. mai Frigjering

I dag har me vore på tur til Låglia i lag med Odd Christian og Sonja. Det var veldig fint ver og så pass tørt at me nesten kom oss over myrene tørrskodde. Eg har litt lite trening i å gå i steinete og myrete terreng, eg har ein tendens til å velja meg sandstrender eller grusvegar når eg skal ut og gå. I barndomen på Ålgård sprang me rundt på knausane og leika i steinrøyser, så ein gong i tida hadde eg nok teknikken i føtene. Men me kom oss både fram og tilbake utan problem, både eg og min relativt nyopererte mann, og det var vakker natur og veldig triveleg selskap.
I dag er det frigjeringsdagen, ein dag som det alltid vart stoppa opp for då eg gjekk på skulen. Den gongen tenkte eg at dei vaksne var uforhaldsmessig opptekne av krigen for det var jo «så lenge sidan». Nå innser eg jo at eg då eg vart fødd var det bare 16 år sidan krigen slutta, og det er jammen ikkje lenge når eg tenkjer på at det er 20 år sidan 11 september 2001 og 10 år sidan 22.juli 2011. Det følest som om begge deler nettopp skjedde, så at folk i barndomen min framleis var prega av krigen, forstår eg mykje betre nå. Dessutan var det alltid spennande å høyra på, og fekk me først vaksne på gli når det gjaldt å fortelja frå krigen, så var det alltid noko nytt å plukka opp.
Frigjeringsdagen er eit fint ord om ein ikkje koplar det til krigen og. Me har då litt av kvart me gjerne vil bli frie frå nå og. Det første eg tenkjer på er koronaepidimien med dei tusen små og store vala me må ta heile tida. Kven er det trygt å treffa? Kva kan me vera med på? Korleis kan me gjera samver mellom menneske minimalt smittefarlege? Korleis taklar me det å gå på jobb med smittesituasjonen slik han er til ei kvar tid? Plutseleg hadde mange familiar i skulesamanhang barn som var russ, og plutseleg var russen ei veldig smittefarleg gruppe. Den minste utfordringa i dag var om me skulle våga å kjøra i ein bil til parkeringsplassen ved Låglia. Det ende med at me tok to bilar, det var eit lite dilemma med små konsekvensar. Andre ting er langt meir innvikla og kompliserte, og minst eitt av dei diskuterer me akkurat nå.
Men sjølv utan korona er det nok av ting å ønskja seg fri frå. Presset om å prestera veit eg plagar mange. Av og til kan ein få inntrykk av at livet er noko ein skal prestera. Alle fasadar bør vera perfekte, og ein bør ha rett type kropp, rett utsjånad og ein mest mogleg perfekt bustad. Så er det presset frå ei truande klimakrise der me alle kjenner at me kjem til kort og at mange val blir feil sjølv om me prøver så godt me kan. Det å vita at me lever i ei verd med stor økononomisk skeivfordeling der me er dei som får kakepynten er heller ikkje så kjekt å tenkja på. Utan tvil kan me seia at me er utfordra på mange og kompliserte måtar dersom me vågar å tenkja.
Eg har sjølvsagt ikkje svar på korleis me kan bli fri frå alt som tyngjer, og det er vel heller ikkje noko mål. Sjølv klamrar eg meg av og til til den blå perla i Martin Lönnebo sin Kristuskrans. Kristuskransen er eit armband med glassperler der alle har sin farge og funksjon. Den som går med Kristuskrans rundt armleddet får av og til spørsmål om ein har fått det av eit barn eller eit barnebarn, fordi det er eit nokså enkelt og usofistikert smykke som kunne ha vore laga i barnehagen. Eg liker symbolikken i dette armbandet eller bønnekransen som det eigentleg er meint å vera. Kvar perle symboliserer noko i menneskelivet. Ei gullfarga perle for Gud, ei svart for sorg og død og natt, to raude, ei for kjærleiken du får og ei for kjærleiken du gir vidare. I det siste har det kome ei grøn perle inn i kransen. Denne står for jorda vår og det å gjera sitt for å ta vare på jorda. Den perla eg liker aller best er den himmelblå, perla for å kunna vera ubekymra. Den har farge som himmelen når ein ligg på ryggen i graset i sola og har det godt. Og så må eg hugsa å fortelja at dei perlene det er mest av på kransen er perlene for å vera stille.
Så er det ein av hemmelegheitane i livet at det går an å forhalda seg til alt dette. Som det står i ein song eg pleidde å synga mykje i ein periode i ungdomen: «Somebody told me that in sorrow they could be glad». For det trur eg me skal vera. Me skal ta ansvar etter beste evne og elska vår neste som oss sjølve. Og så skal me vera glade. Eg trur begge deler går an, og at det er litt av meininga med livet.
Nå vandrar eg ut på dei store filosofiske viddene, så eg trur eg hentar meg inn att me å ønska alle saman ei fortsatt god helg. Måtte alle nyta den store fridomen me faktisk har trass i alt.
Heidi