Gå til innhald

9.mai Elvira Huskestuen lagar 17.mai-vimplar

mai 9, 2021

Så er det klart at det ikkje blir «vanleg 17.mai» for skolebarna i år heller. For dei som bare går i 3.klasse er det jo litt trist, men det blir nok nye sjansar. For å bøta litt på situasjonen skal me bruka store deler av onsdagen til å feira før-17.mai kohortvis, og i morgon skal me pynta fint til 17.mai i klasseroma på tradisjonelt vis med flagg og med teikna blomar i fine fargar. Eg hadde ein idé om at dei og skulle få laga lenker med papirvimplar i norske fargar. Dette med vimplar er jo blitt så populært. Eg har aldri laga det, men kor vanskeleg kunne det vera? Eg bestemte meg for at dette måtte jo vera ei fin oppgåve for 3.klassingar.

Eg prøvde meg litt med farga papir før eg gjekk heim på fredag, men trekantane var i heilt feil fasong fann eg ut. Eg bestemte meg for å prøva det ut heime. For å gjera det ekstra fint har eg skaffa tynn kartong i dei rette fargane og hyssing. I går sende eg kjekt ut melding til kollegene på trinnet om at eg laga modellar og gjorde klar til vimpelverkstad…

Eg trur jo om meg sjølv at eg ikkje er så aller verst når det gjeld det som i gamle dagar heitte forming. Eg strikkar og heklar og syr og liker godt både teikning, maling og keramikk. Det eg burde ha lært meg for lenge sidan er at eg ikkje eignar meg spesielt godt til oppgåver som treng stor grad av nøyaktigheit og matematisk presisjon…

Eg tenkte at det måtte då liggja ein mal på eit vimpelflagg som eg kunne kopiera, klippa ut i papp og bruka som mal.
Slike malar skulle viss finnast, men dei måtte kjøpast. Det vart oppfordra til å finna matematiske vinklingar der ein teikna opp med linjal og vinkelhake. Eg gjorde det litt enklare med å kutta strimlar på papirkuttar som eg så delte opp i trekantar. Så var det korleis ein festa desse til hyssingen, ein variant var å laga rombeforma papirstykke som skulle brettast skarpt i midten og lima dei saman på midten med hyssingen inni. Om ein heller ville det kunne ein heller laga ein brettekant øverst og lima over ein hyssing. Ein tredje variant var å laga hol med holemaskin og binda dei på ein tråd med jamne mellomrom…

Eg skal spara dokker for detaljar, men nå har eg halde på i timesvis utan å få til noko eg er spesielt stolt over… Men om ein ser krampepedagogisk på det, så kan det jo vera fint at elevane sjølv skal prøva å finna ut og kanskje prøva ut korleis dette skal bli fint… Eg får trøysta meg med at lærarane i dei andre klassane er veldig nøyaktige og opererer med matematisk presisjon når dei må, så dei får det sikkert mykje finare til enn denne kjepphøge formingslæraren som lova å koma med modellar…

Og kva er gale med det gamle velprøvde konseptet med blomar og norske flagg? Det skal bli så fint så, med eller utan vimplar…

Og elles har dagen vore fin. Eg har hatt både foreldra mine og dottar mi med hennar døtre på vafler og sjokoladekake og kaffi. Ute regna det, og sidan eg hadde gått veldig langt både i dag og dagen før, gav eg meg turfri for å kunna få tid til å strikka ferdig barnebunaden eg snart bør ha ferdig. Eg brukte anledningen til å sjå heile sesong 2 av trillingliv. Eg som i utgangspunktet har tenkt at trillingar må vera ein av dei mest fantastiske overraskingane ein kan få, måtte innrømma for meg sjølv at det kanskje såg litt vel travelt ut… Serien viste i grunnen kor utruleg mykje me kan klara viss me må.

Nå går klokka som vanleg alt for fort. I dag høyrde eg Camilla Stoltenberg i eit reprisesend radioprogram. Der innrømma ho at ho var så glupsk på livet at det hende ho vart sitjande oppe til klokka tre om natta bare for å gjera noko ho hadde meir lyst til enn å gå og leggja seg. Det er godt å vita at eg har mine overmenn. Eg trøyster meg og med ein historie som visstnok skal vera sann om ein professor ved eit av universiteta våre. Historia gjekk ut på at då han skulle gå av med pensjon og rydda seg ut av kontoret fann han ein sykkel under papirbunkene. Det gjer alltid godt å kjenna at ein har litt å gå på…


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: