Gå til innhald

10.mai – Når livet blir grønt

mai 10, 2021

Ein morgon i mai vaknar du og oppdagar at livet er blitt grønt. Lufta kjennest plutseleg mild og medan du syklar til jobb pustar du ut og inn den gode, litt krydra lufta av nyutsprungen bjørk. Denne lukta er intens og ny kvart år, og noko inni deg hugsar korleis denne årstida alltid kjennest på kroppen. Du veit plutseleg med heile deg at dette har du verkeleg lengta etter.

Så er plutseleg lufta mykje kaldare att, og du rykker tilbake, om ikkje til start så i alle fall fleire ruter frå det feltet der du legg deg på ryggen i det grøne graset og lar sola kitla deg på nasen medan du let humla susa som ho vil. Regnar gjer det og. Men grønnfargen tek dei ikkje i frå deg. Den er komen for å bli. Så får det ikkje hjelpa at du syklar forbi fleire søppeldunkar som har velta i den sterke vinden og bokstaveleg talt opplever at sykkelhjelmen blir blesen av hovudet ditt. Flaks at du hugsa å festa stroppen slik at hjelmen blir verande i nakkeregionen.

Du har sett for deg ein kveld med strikking og skriving, men den plutselege kjensla av at det kanskje var i kveld du var forventa å møta på kyrkjekontoret i eigenskap av å vera medlem av diakoniutvalet i soknet, viser seg å vera sann.

Det er fint å oppdaga slikt tids nok til å kunna møta på rett tidspunkt. Det er fint å vera der. Som det einaste framleis uvaksinerte medlemmet av rådet, kjennest det som ein trygg stad å vera, pluss at det gir håp om ei koronafri framtid. Det å gå på møter att gir tilveret eit visst preg av vanleg normalt liv etter lange unntakstilstandar.

Når du går heim har vinden løya litt. Hekkane langs vegen har blitt grøne og ber blomar i rosa og kvitt. I eit tre sit det ein svarttrasthann og syng for deg. I følge Paul Mc Cartney syng han «Take these broken wings and learn to fly…» Det er eit fint motto for livet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: