Gå til innhald

14.mai -Sommargrønt

mai 14, 2021

Eg veit at eg har skrive fleire gonger om kor grønt det har blitt, men denne gongen gjeld…

Vêret har vore grått og til dels litt vått og, men du all verda så grønt det har blitt. Denne eksplosjonen av grønnfargar kjem som eit positivt sjokk kvart år. Var det verkeleg så grønt i fjor og året før? Ja, det er det vel sannsynleg at det var, men slikt går det viss ikkje heilt an å hugsa.

Eg har hatt ein fullpakka dag, med tett i tett av gilde ting. Det er kjekt å ferdigstilla elevtekstar for utgjeving, det gir glede å intensivstrikka for å få ting ferdige før 17.mai, og det har vore veldig fint å bruka store deler av dagen i lag med barnebarn. Det eldste ligg og søv her i huset, så det er sjølvsagt heilt idiotisk av meg at eg ikkje har lagt meg for lengst.

I fare for å virka krampaktig positiv til alle oppgåver, kan eg balansera det med at det er både ting i huset og i hagen som absolutt burde vore gjort, men som eg ikkje spring like velvillig til. Nå kan eg med mitt ærlegste sjølvforsvar påpeika at den slags har eg absolutt ikkje hatt tid til i dag, og det ser ut til å kunna bli vanskeleg i morgon og…

I dag gjekk eg og Ingrid tur i Sandtangen med barnevogner og fekk verkeleg nyta grønfargane og det merkbare streifet av forsommar som ligg der og dirrar under gråveret. Eg trur eg må prøva å få til ein slik tur i morgon og.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: