15.mai – Den som blir vekt klokka fem…

I dag vil eg seia at eg har fått mykje ut av dagen. Litt over 05.00 vart eg møtt med eit strålande smil og ein entusiastisk stemme: «Mommor, ska me gå ner å pynta sotteladekagå nå?» Kakepynting er det store for tida og eg hadde lova at me skulle baka ei sjokoladekake som ho skulle få pynta og servera til mamma og pappa når dei kom for å henta…
Ein gong i tida stod eg opp kvart over fem annankvar morgon fordi alle våre barn av ein eller annan merkeleg grunn har vore ekstreme A-menneske dei første 4-5 leveåra. Eg har gått ut frå at den arven ikkje kjem frå meg, men far kunne opplysa om at eg og vakna i femtida då eg var lita. Det vil med andre ord seia at slikt kan gå over…
Biverknaden av dette er at dagen har hatt mange tilgjengelege timar sjølv om eg må innrømma at eg var nesten bevisstlaus dei første to. Eg kan og innrømma at eg følte ei nesten skamlaus glede over at barne-TV nå er tilgjengeleg på mange måtar og ikkje noko ein bare kan benytta seg av klokka seks om kvelden.
I går spontanplanla eg ein tur ut i det grøne i dag i lag med Torun og Astrid. Dei som driv terapi ute i skogen burde velja seg ein dag midt i mai ein plass i Sør- Rogaland. Luktene, lydane, fargane… Det gjer rett og slett godt i sjela å vera ute nå. Ein bieffekt av koronaepidimien er at mykje av det me unnar oss av sosialt samver foregår utandørs. Det er ikkje dumt. Litt av det kan me rett og slett godt ta med oss inn i det me håpar me snart erfarer som det gjeopna ekte, vanlege livet.
Kveldane er så lyse. Sommaren ligg der som ein framleis uopna godtepose. Om ikkje lenge kjem nokon til å føla seg kalla tiæ å fortelja oss at «Nå snur solå snart».
Heidi