Gå til innhald

16.mai -evig tidsoptimist

mai 16, 2021

Som den evige tidsoptimist eg alltid har vore, så har eg bare nesten kome i mål med det eg hadde tenkt å gjera i dag. Det betyr ikkje at eg har stressa, eg har bare brukt tida, og det eg ikkje når, det når eg ikkje. Eg begynner å forstå kva mor meinte då eg for nokså nøyaktig 36 år sidan skulle koma heim for å gifta meg og mor sa på førehand at det var ein veldig dårleg idé å tenkja at eg skulle sy ferdig brudekjolen min dagen før bryllaupet. Ho kunne relatera det til episodar der ho for eksempel vart sett til å strikka ferdig den eine julegavegenserarmen på lille julaften, mens eg strikka den andre…

Det var nå ikkje stramare program i dag enn at då syster mi ringde og spurde om eg var klar til å bli med på tur på Orrestranda om 10-15 minutt så svara eg ja. Det er viktig å koma seg ut, og i desse rare tidene var det litt for lenge sidan sist me hadde vore i lag. Me hadde det kjempefint og ved sjøen var det vakkert som alltid, Baksidene av sanddynene var dekka av eit gult teppe av løvetann og her og der kom det opp små strandfiolar. Friluftshuset var ope, så me unna oss ein kopp kaffi og ein is for å feira at det snart var 17. mai. Me tok sjansen på å kjøra bil i lag, men eg vart plassert i baksetet og på overfarten sat me begge med munnbind. Av og til er heile situasjonen så absurd at eg får mest lyst til å le høgt.

Og eg innser at det og er litt absurd å bruka masse tid på å sy inn ei barnebunad etter tante Sunniva og strikka ei til lillesøster og når den offisielle delen av 17.mai eigentleg er avlyst. Slik vart det i alle fall, og i morgon skal me ha frokost med familien i nokså liten skala slik at me held oss innanfor dei regulerte normene. Håpar eg hugsar kor me har verandaflagget. Etter litt klatring for å koma opp til overskapa fann eg nåler og søljer til barnebunadane. Eg fann til og med sølvpuss, så det er bortimot ganske husmoderleg, sjølv om eg ikkje har rukke å vaska golvet i dag heller. Frokosten skal ikkje vera hos oss, så då kan eg jo fortelja meg sjølv at det absolutt ikkje hastar. Eg har ei bløtkake til avkjøling og håpa at eg kanskje rakk å fylla ho i kveld, slik at ananasjusen får trukke litt inn i botnane.


Sidan den strikka barnebunaden ikkje blir vist fram til så mange i morgon, så kan eg jo visa han her… Oppskrifta kjem frå Alveland. Denne gongen har eg nesten klart å fylgja ho, har bare juksa litt med noko sølvtråd eg hadde att etter brodering av dåpskjole, og så har eg sett knappar på akslene i staden for å sy igjen, for han virka litt trong å smetta på.


Ha ein fin 17.mai alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: